Mari var ein viktig oldtidsby i Mesopotamia. Han låg på vestbreidden av Eufrat søraust i noverande Syria, ikkje langt frå Irak. Staden der byen låg er i dag kjend som Tel el Hariri eller Tell Hariri.
Historia til byen kan førast tilbake til 2000-talet f.Kr. Han blømde på 1000-talet f.Kr. under amorittisk styre. Rundt 1759 f.Kr. blei byen erobra og øyddelagd undeer babylonarkongen Hammurabi.
Byen blei gjenoppdaga av arkeologar i 1933. Utgravingar har avdekka over 25 000 leirtavler med akkadisk kileskrift. Dei var del av eit kongeleg arkiv, og gjev informasjon om samfunn, folk og skikkar i samtida.
mini|venstre|Restane etter Zimri Lim-palasset
På grunn av den syriske borgarkrigen blei utgravingane stoppa og væpna grupper tok over staden. Ein offisiell rapport fortalde at tjuvar særleg robba «det kongelege slottet, det offentlege badet, Ishtar-tempelet og Dagan-tempelet».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mari (oldtidsby)» frå , og «Mari, Syria» frå den 6. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Mesopotamia Kategori:Oldtidsrike Kategori:Det akkadiske riket Kategori:Akkadia Kategori:Babylonia Kategori:Assyria Kategori:Arkeologi i Syria Kategori:Deir ez-Zor guvernement