Asirfjella (arabisk عسير, ʿsyr) er eit fjellområde sørvest i Saudi-Arabia som går parallelt til Raudehavet. Det består av områda i Asir innanfor Saudi-Arabia, men omfattar generelt òg område nær grensa til Jemen. Fjella dekkjer eit område på kring og består av fjell, sletter og dalar i dei arabaiske høglanda.

Geologi Fjella består hovudsakleg av sedimentære bergartar som kalkstein, sandstein og skifer frå jura, krit og paleogen over ein sokkel av prekambrisk granitt.

Klima og jordbruk Regionen har den høgaste årsmiddelnedbøren i Saudi-Arabia. I snitt varierer nedbøren frå kring 600 mm til over 1000 mm i året i våte område. Dei austlege slettene og platåa får mykje mindre nedbør, frå 500 mm til mindre enn 100 mm i året.

Jordbruk Avlingar i regionen, som hovudsakleg vert dyrka i bratte, terrasserte fjellsider, og omfattar kveite, kaffi, bomull, indigo, ingefær, grønsaker og palmar. Regionen har òg kveg, sauer, geiter og kamelar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Asir Mountains» frå , den 8. mars 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Saudi-Arabia Kategori:Fjell i Saudi-Arabia