Hilde Fenne () er ein norsk skiskyttar frå Voss. Ho var med på Noregs lag som vann kvinnestafetten i VM i skiskyting 2013. Skiskyttarane Gisle Fenne og Helga Øvsthus er foreldra hennar.

Fenne var med på det norske laget som vann verdscup-stafetten i Hochfilzen 9. desember 2012. Trass i at ho ikkje hadde betre enn ein 28. plass i verdscuprenn å vise til, fekk ho gå startetappen for Noreg i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2013 i Nové Město na Moravě i Tsjekkia. På ståande skyting pådrog ho seg ein strafferunde, men framifrå etappar av lagvenninnene Ann Kristin Flatland, Synnøve Solemdal og Tora Berger sikra ein norsk gullmedalje.

Individuelt har ikkje Fenne lukkast å hevde seg mot verdseliten i skiskyting. Ein åttandeplass på jaktstarten i Pokljuka i desember 2015 er hennar beste plassing i verdscupen i skiskyting.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hilde Fenne» frå , den 9. mars 2016.

Kategori:Norske skiskyttarar Kategori:Norske motbakkeløparar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Noregsmeistrar i skiskyting Kategori:Kongepokalvinnarar i skiskyting Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2013 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2017 Kategori:Folk frå Voss