mini|Bønnemøte halde utandørs i Birmingham. mini|Bønnemøte i Pyongyang tidleg på 1900-talet.

Bønnemøte er ei samling av lekfolk som har som føremål å be saman. Slike møte blir vanlegvis haldne til andre tider enn vanlege gudstenester. Dei kan haldast i heimar, større samlingsstader, det offentlege rommet eller den vanlege møtestaden for trussamfunnet, og kan arrangerast av leiarar i trussamfunnet eller vanlege medlemmer. Bønnemøte er ofte knytte til eitt enkelt trussamfunn, men kan også innebera at ulike trusretningar ber saman.

Bønn er naturleg nok det viktigaste elementet i bønnemøte. I tillegg kan dei innehalda element frå andre religiøse samlingsformer, til dømes andakt, lovsong eller nattverd.;

Bønnemøta og kan ha ulike emne, frå det personlege og lokale til heile trussamfunnet og det globale. Eit døme på eit globalt emne er til dømes å be for fred.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prayer meeting» frå , den 13. mars 2016. oppgav desse kjeldene: Cowan, John Franklin (1906) New life in the old prayer-meeting. Fleming H. Revell. (1870). The Prayer-Meeting, and Its History, as Identified with the Life and Power of Godliness, and the Revival of Religion. United Presbyterian Board of Publication. OCLC: 5004714

Møte Kategori:Religionsutøving Kategori:Møte