Jizan- eller Jazan-regionen () er den nest minste regionen i Saudi-Arabia. Han strekkjer seg kring 300 km langs sørkysten av Raudehavet, like nord for Jemen. Han dekkjer eit område i 13 457 km² og eit folketal på 1 567 547 i 2017. Hovudbyen er Jazan.

Regionen omfattar over 100 øyar i Raudehavet. Jazan er det fattigaste området i Saudi-Arabia, og 34 % av dei saudiarabiske familiane i Jazan lever i fattigdom. Farasanøyane, det første verneområdet i Saudi-Arabia, er heimstad for den utryddingstruga arabiske gasellen og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa.

Geografi Regionen er delt inn i tre område. Det indre fjellområdet Al-Sarawat, som stig til kring 3000 meter over havet. Skogområdet Alhazoun består av skogar og frodige marker. Slettene som er kjende for produksjon av kaffibønner, kornavlingar og frukt.

Sjølv om klimaet i høglandet liknar det relativt våtare klimaet i 'Asir, vert kystområda i Jazan-provinsen rekna som ein del av Tihamah, og er truleg det varmaste området i landet, med ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 40 °C i juli til 31 °C i januar. Høg råme frå kystlagunane gjer at klimaet er enno meir ubehageleg. Det kjem særs lite nedbør her, mindre enn 75 mm i året. Sabya ligg i midten av regionen, mellom fjella og kysten.

Inndeling

Regionen er vidare delt inn i 14 guvernement som følgjer:

+ Guvernement i JazanNamnArabisk namnFolketeljing 15. september 2004Folketeljing 20. oktober 2015Abu Arishريش 123 943197 112Alddairالدائر 49 23959 494Alddarbالدرب 52 06269 134Ahad Almasarihahأحد المسارحة 70 038110 710Alaridahالعارضة 62 84176 705Alaydabiالعيدابي 52 51560 799Alharthالحرث 47 07318 586Alraithالريث 13 40618 961Baishبيش 58 26977 442Damadضمد 62 36671 601Farasanفرسان 13 96217 999Jazanجازان 255 340157 536Sabyaصبياء 198 086228 375Samtahصامطة 128 447201 656Total provinsجازان 1 187 5871 365 110

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jizan Province» frå , den 14. mars 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Saudi-Arabia