Knut Olsson Markhus () var ein norsk skulemann og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han representerte partiet Venstre på Stortinget 1922-30 og 1937-45. I Venstre har han «serleg vore ein varmhuga og traust talsmann for nasjonale saker og edruskapsarbeidet». Han var ein mykje nytta talar på «stemnor og tilskipingar».Norsk Allkunnebok VIII:459
Liv og gjerning Markhus, som var son til ein gardbrukar. Han gjekk Hardanger Folkehøgskule i Ullensvang og tre år på Notodden private seminar. Frå 1899 til 1902 var han lærar i Skåre herad, deretter i Haugesund. Jamsides lærargjerninga var han 1911-13 redaktør av Haugesunds Avis. Perioden 1914-24 var han styrar av Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy. Sidan var han skuledirektør, fyrst 1929-33 i Nidaros, så 1933-48 i Bjørgvin.
Markhus var stortingsrepresentant frå Hordaland og Venstre frå 1922 til 1930 og på ny frå 1937 til 1945. På Tinget var han mellom anna medlem 1923-30 i Tollkomitéen, sekretær i komiteen 1925-30 og i Veg- og jarnbanekomitéen 1934-45. Han var parlamentarisk leiar i Venstre valperioden 1928–30, og visepresident i Stortinget frå 1937 til 1945. Markhus var elles med i Haugesund bystyre frå 1907 til 1910, i Fjelberg heradsstyre frå 1916 til 1919 og i Strinda heradsstyre frå 1931 til 1933.
Åra 1917-25 var han leiar av Norges Høyskolelærerlag og frå 1936 formann i Skuledirektørrådet. Markhus var aktiv målmann og i fråhaldsrørsla. Han var såleis rådsmann i Noregs storlosje av IOGT frå 1911 til 1932, og formann i Noregs Mållag frå 1936 til 1946.
Kjelder
Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske skulefolk Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Etne