Rough er det tredje soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut i september 1978 på EMI i Storbritannia, Ariola Records i Vest-Tyskland og United Artists i USA.
Oversyn Rough var det første soloalbumet til Turner etter at ho gjekk frå ektemannen Ike Turner i 1976. Dei to første soloalbuma, Tina Turns the Country On! (1974) og Acid Queen (1975), vart spelte inn medan ho framleis var gift med Ike Turner og var medlem av the Ike and Tina Turner Revue. Rough var det første albumet der Ike Turner ikkje hadde noko medverknad. Skilsmissa mellom dei to var endeleg over i 1978, same året som Rough. Tina Turner var utan pengar, men fekk halde retten til å bruke scenenamnet Tina Turner.
Albumet består av rockelåtar, i staden for soul, blues og R&B, som ho ofte hadde spelt med the Revue. Men albumet vart spelt inn på høgda av discotida og er prega av dette. Opningssporet, «Fruits of the Night», var til dømes skriven i lag med den langvarige samarbeidspartnaren til Giorgio Moroder, Pete Bellotte. Turner tok òg med ein versjon av Bob Seger sin «Fire Down Below», som seinare vart spelt inn av Bette Midler i 1979 for filmen The Rose. Albumet inneheld òg den første coverversjonen hennar av Elton John sin «The Bitch Is Back», som ho spelte inn på ny i 1991 for hyllestalbumet Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin.
Albumet Rough inneheld i dei fire singlane, «Viva La Money», «Root Toot, Undisputable Rock & Roller», «Sometimes When We Touch» - ein versjon av Dan Hill-balladen - og «Night Time Is the Right Time», som alle fekk ein viss suksess. Albumet selde heller dårleg. Som det førre albumet Acid Queen, synte albumet retninga som Turner ønskte å ta med å kombinere rock med pop og R&B.
Albumet vart gjeve ut på CD av EMI tidleg i 1990-åra, men er i dag ute av opplag.
Innhald
Medverkande Rick Kellis - horn, saksofon Ken Moore - piano, korvokal Airto Moreira - perkusjon Dennis Belfield - bass Michael Boddicker - synthesizer Peter Bunetta - trommer Al Ciner - akustisk gitar Denise Echols - korvokal Dennis Farias - horn Venetta Fields - korvokal Ed Greene - trommer Billy Haynes - bass Maxayn Lewis - korvokal Deborah Lindsey - korvokal Lenny Macaluso - elektrisk gitar Bill Oz - munnspel Mary Russell - korvokal Julia Tillman Waters -korvokal Stephanie Spruill - korvokal Michael Stephenson - korvokal Ron Stockert - synthesizer, clavinet Marsha Thacker - korvokal Tony Walthers - korvokal Jeff Deane - horn W.D. Smith - hammondorgel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rough (album)» frå , den 12. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Tina Turner-album Kategori:Musikkalbum frå 1978