Stephanie de Sykes (fødd Stephanie Ryton, 1948) er ein britisk songar.
Karriere Ho fekk ein hit i 1984 med «Born With a Smile on My Face», som nådde andreplassen på UK Singles Chart. Ho spelte òg inn kjenningsmelodien til fjernsynsprogrammet The Gullen Shot med gruppa 'Rain' same året.
Ho var medlem av korgruppa Birds of Paris, som vart nytta i 1970-åra for mange discogrupper og artistar. Andre medlemmar i denne gruppa var mellom andre Madeline Bell, Joanne Stone, Kay Garner, Sunny Leslie, Sue Glover, Vicki Brown og Katie Kissoon.
Ho var ein gong medlem av Love & Kisses, ei gruppe starta av produsenten til Demis Roussos, Alec R Costandinos. Ho song òg i gruppene Sphinx og Voyage.
I lag med ektemannen Stuart Slater, frontmann i The Mojos, skreiv ho to britiske Eurovision Song Contest-songar, Co-Co sin «The Bad Old Days» og Prima Donna sin «Love Enough for Two» i 1978 og 1980.
De Sykes song korvokal for Meat Loaf i 1984 på albumet Bad Attitude.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stephanie de Sykes» frå , den 14. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Britiske songarar Kategori:Britiske popsongarar Kategori:Britiske låtskrivarar Kategori:Engelske studiomusikarar