Petra Malena «Malla» Moe () var ein norsk-amerikansk misjonær i Afrika.

Frå USA til det sørlege Afrika Malla Moe vart fødd på garden Moe i Hafslo. Etter at både faren, gardbrukar Claus Rumohr, og mora, Brita døydde, flytta ho saman med veslesystera Dortea til Chicago der systera Karin budde. Moe fekk kontakt med eit protestantisk misjonsselskap som på den tida heitte Scandinavian Alliance Mission (seinare The Evangelical Alliance Mission - TEAM). Dei sende ho til Swaziland i det sørlege Afrika som misjonær i 1892.

Swaziland Malla Moe kom til Swaziland utan verken utdanning eller erfaring, men ho gjorde eit sterkt inntrykk. Ho budde saman med dei innfødde og lærde språket deira.

Moe var misjonær i Swaziland fram til ho døydde 90 år gamal. Ho var aktiv til det siste, men siste tida vart det vanskelegare for Moe å reise rundt til fots, så då fekk ho bygd ei husvogn som vart kalla Evangelievogna. Ho reiste rundt med seks hjelparar og tok imot folk i husvogna. Kong Sobhuza II av Swaziland vitja på eit tidspunkt Moe si Evangelievogn.

Den britiske høgkommisæren i Swaziland, Ainsworth-Dickson, har sagt: «Om me er kvite eller svarte, rike eller fattige, lærde eller ulærde, betraktar med Malla Moe som den mest fremragande misjonær i Afrika.»

Hafslo Det var ikkje bedehus på Hafslo på denne tida. Men Malla Moe som var vand med å samle inn pengar til misjonsarbeid fekk brørne heime til å donere tomt og tømmer, og bedehuset vart bygd på dugnad og stod ferdig hausten 1922.

16. september 2012 vart ein minnestein over Malla Moe avduka ved bedehuset på Hafslo.

mini|Ivar Kvalen, ordførar i Luster, avdukar minnensteinen over Malla Moe. Til venstre står Anders Alme

Kjelder Kulturhistorisk leksikon. Kleppa, Hermund (2012) Malla Moe-minnesteinen på Hafslo Solem, Susanna Lomheim (2012) Søknad om tildeling av midlar i samband med utgjeving av boka "Malla Moe - Størst av alt er kjærleiken" Kleppa, Hermund (2006) Amerikanske misjonærar frå Sogn - på frimerke i Afrika Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Malla Moe Papers of Petra Malena "Malla" Moe ved Billy Graham Center-arkiva ccminternational.org Nettstaden til The Evangelical Alliance Mission: Our history Amledal, Kirsten Anny, Sogndal Kyrkjelydsblad, juni 2012, s. 10-11. Malla Moe - størst av alt er kjærleiken

Bakgrunnsstoff

Litteratur Per Hilleren. Adresse Afrika : Malla Moe - en eventyrskikkelse. Oslo : Ansgar 1966 Dorothy Martin. Malla Moe og gospelvogna. Oslo : Ansgar 1985 Susanna Lomheim Solem. Malla Moe - størst av alt er kjærleiken : en biografi. [Bergen] : Diktavia 2011 Maria Nilsen og Paul Sheetz: Malla Moe. The Moody Bible Institute of Chicago 1956.

Kategori:Norske misjonærar Kategori:Misjonærar i Swaziland Kategori:Norsk-amerikanarar Kategori:Nordmenn i det sørlege Afrika Kategori:Folk frå Luster Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane