Unaizah (arabisk عنيزة ʿUnaizah) eller offisielt Unaizah guvernement (òg skrive Onaizah, Onizah eller Unayzah; arabisk محافظة عنيزة Muḥāfiẓat ʿUnaizah) er ein by i Saudi-Arabia i Al Qassim-provinsen. Han ligg sør for provinshovudstaden Buraydah og nord for Riyadh, hovudstaden i landet. Han er den nest største byen i Al-Qassim-provinsen med eit folketal på 163 729 (2010).

Historisk har Unaizah vore ein viktig stoppestad for muslimske pilegrimar frå Mesopotamia (no Irak) og Persia (no Iran) på veg til Mekka. Mange forskarar og historikarar trur at Unaizah var busett hundrevis av år før islam spreidde seg.

Geografi Unaizah ligg sør for Al-Qassim-provinsen i hjartet av den historiske regionen Najd. Han ligg kring 30 kilometer frå Buraydah (provinshovudstaden) og meir enn 300 km nord for Riyadh. Unaizah ligg nord og sentralt i Najd og sør for Wadi Al Rumma (Rummadalen), som er den lengste dalen på Den arabiske halvøya. Han er omgjeven av sanddyner i nord og vest, som vert kalla Al-Ghamis-sanden. Al-Ghadha-skogen ligg nord for byen. Like ved Unaizah ligg Al-Aushaziyah saltsjø (eller Sabkha), som offisielt vert rekna som ein del av byen.

Klima Unaizah har eit typisk ørkenklima. Vintrane er kjølige og då kan det kome noko regn, medan somrane er steikande varme og særs tørre.

Jordbruk mini|Palmar i Unaizah mini|Purregard (kurrat) i Unaizah mini|Ein del av Unaizah internasjonale daddelfestival i 2008.

Unaizah er eit jordbruksområde og produserer kveite og bygg. Her vert òg dyrka druer, grapefrukt, sitroner, purre, mandarinar, appelsinar, granateple og dadlar.

Purre (kurrat) er ein særs viktig del av den lokale kulturen i Unaizah, og utgjer ein stor del av jordbruket her.

Galleri

Sjå òg Najd

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Unaizah» frå , den 21. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Informasjon om byen Unaizah uoffisielle side (ParisNajd)

Kategori:Busetnader i Al-Qassim-provinsen Kategori:Unaizah