Lars Kristian Holst () var ein norsk journalist, redaktør i avisa Dagbladet og aktiv Venstre-mann i dei siste tiåra før og etter 1900.
Holst var son til ein «Overstuver» i Bergen. Sjølv vart han cand.jur. frå Universitet i Kristiania i 1871. I studietida var han med i krinsen rundt nynorskbladet Ferdamannen og i 1872 skreiv han i bladet Fram, som Olaus Fjørtoft gav ut. Han flytta tilbake til Bergen og var tilsett i Bergens Tidende frå 1873 til 1883. I 1883 tok han over som sjefredaktør i Dagbladet i Kristiania, ei stilling han hadde fram til 1898. Frå denne posisjonen tok han aktivt del i partipolitikken i Noreg.
Frå 1898 var Holst justissekretær ved Kristiania byrett. Samstundes heldt han fram den politiske verksemda, mellom anna som teaterkritikar og politisk skribent i Stavanger Aftenblad. I treårsperioden 1900-03 var han formann i partiet Venstre.
Holst var ei tid gift med Fernanda Nissen. Han døydde i Oslo i 1915.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Holst» frå , den 24. mai 2016.
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Folk frå Bergen