1070 (romartal MLXX) var eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen.
Hendingar Utlandet Halsten vart avsett som svensk konge. Vestgotlendarane valde Håkan Raude til konge, medan svearane valde Anund Gårdske, som dei såg på som betre skikka til å leie blotet i Uppsala. Adam av Bremen nemnde eit heidensk tempel i Uppsala (omkring dette året). Hereward the Wake innleidde eit saksisk opprør i austre England. Lanfranc, ein italiensk advokat, vart erkebiskop av Canterbury. Den sentralasiatiske poeten Yusuf Balasagun gjorde ferdig Kutadgu Bilig. Borga Wartburg vart bygd (omkring dette året). Otto von Nordheim, hertugen av Bayern, vart styrta.
Noreg Olav Kyrre grunnla Bergen.
Fødde Bertrade de Montfort, grevinne av Anjou og dronning av Frankrike
Døde Bauduin VI av Flandern, greve av Hainaut og Flandern Vigrahapala III av Palariket