Sutlej (uttalt sˈʌtlidʒ) er ei elv i Sør-Asia med utspring i Himalaya. Ho er den austlegaste og største sideelva til Indus gjennom Chenab. Sutlej er rundt 1450 km lang, og ei av dei fem elvene som har gjeve namn til Punjab («Femelvlandet»).

Elva har utspring ved Rakshastal-sjøen sørvest i Tibet. Ho følgjer ein djup dal som går tvers gjennom heile fjellkjeda og deler Himalaya i vestleg og ein austleg del.

Sutlej er mykje nytta til kunstig vatning og kraftproduksjon. Elva er opphav til to vatningssystem: Sirhindkanalen, som ved Rupar tek vinterflaumen frå Sutlej, og oversvømmingskanalen for øvre og nedre Sutlej i Ferozepur og Bahawalpur nedanfør møtepunktet mellom Sutlej og Bias.

I byrjinga av 1800-talet, då Ranjit Singh herska over Sikh-riket, danna Sutlej ei grense mellom sikhane og områda under Det britiske austindiakompaniet. Sikhstatar sør for elva blei kalla Cis-Sutlej-statar.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Sutlej» frå , den 27. mai 2016.

Kategori:Elvar i India Kategori:Elvar i Pakistan Kategori:Elvar i Tibet