høgre|mini|Ein britisk sersjantinstruktør i infanteriet instruerer ein rekrutt i skyting med SMLE Mk III Lee–Enfield i liggjande stilling, 31. august 1942. høgre|mini|Lee–Enfield-boltrifla er kjent for sin glatte sluttstykkegange, og blir ofte assosierert med Mad Minute. Mad Minute er best kjend som ei hurtigskyteøving avleia frå ein treningsdrill frå før fyrste verdskrig i det britiske militæret med Lee-Enfield-rifla. Øvinga heitte «Practice number 22, Rapid Fire, ‘The Musketry Regulations, Part I, 1909» og kravde at det vart skote minst 15 skot på «Second Class»-figuren på 300 yard (270 m). Øvinga vart skildra slik: «Liggjande. Rifla lada med 4 skot i magasinet før ein ser skivene. Lading frå lomma eller bandolær med 5 skot etterpå. Eitt minutt tillate.» Øvinga var berre ein av fleire årlege testar for å klassifisera ein soldat som skarpskyttar, første- eller andreklasse skyttar avhengig av poenga han oppnådde.
Second Class-skiva var ein 1,2 m x 1,2 firkant (48 x 48 tommar) med 61 cm indre (24 tommar) og 92 cm ytre sirkel (36 tommar). Siktemerket var ein 30 x 30 cm figur (12 x 12 tommar) som representerte ein soldat som sikta med ei rifle frå ei skyttargrav. Poeng vart talde for treff kvar som helst på skiva. Sjølv om ei 12 toms skive har blitt nemnt i samband med Mad Minute-øvinga ser dette ut til å vere ein feil som stammar frå Ian Hogg si bok The Encyclopedia of Weaponry. Ingen andre kjelder nemner ei skive på 12 tommar. Ifølgje myta om ei 12 toms skive ville skivestørrelsen svart til ein 1,11 mil sirkel (3,82 bogeminutt), medan i røynda svarte skiva til ein 4,5 mil firkant (15,3 bogeminutt), som gjer arealet som tel treff over 15 gongar større.
Under slaget om Mons skal mange tyskarar ha rapportert det dei trudde var maskingeværeld, medan det eigentleg var vanlege britiske soldatar med boltrifler som skaut med høg skottakt.
Verdsrekord mini|Ei skisse av Second Class-skiva som vart brukt i den opphavlege Mad Minute-klassifiseringsøvinga. Det 12 tommar store siktepunktet skal førestille silhuetten av ein soldat. 3 poeng vart talde for treff i den indre 24 toms-sirkelen, 2 poeng for treff innanfor den ytre 36 toms-sirkelen og 1 poeng for treff innanfor 48 toms-firkanten. Den første kjente Mad Minute-rekorden blei sett av majorsersjant Jesse Wallingford i 1908, med 36 treff på ei 48 toms skive på 300 yard (4,5 mil/ 15,3 bogeminutt).Historical Firearms - The Mad Minute Det skal ha vorte sagt at ein ny rekord 38 treff vart sett med alle treff innanfor 24 toms-sirkelen på 300 yard (2,25 mils/ 7,6 bogeminutt) i 1914 av sersjant Alfred Snoxall,Ian V. Hogg, The Encyclopedia of Weaponry, Sterling Publishing, New York 2006. men det er lite dokumentasjon og usikkert om det faktisk skjedde eller var britisk propaganda. Det har vore store diskusjonar om det faktisk er mogleg å skyta så raskt og presist med ei boltrifle.
høgre|mini|I Mad Minute-konkurransen i Noreg i 2015 vart ei standard 200 m DFS-skive brukt, og det vart rekna med 1 poeng per treff innanfor det svarte området som er 40 cm i diameter og svarer til 2 mil på 200 meter (6,9 bogeminutt). Dette gjer faktisk skiva i den norske konkurransen mindre enn i soga om Alfred Snoxall, som skal ha skote 36 treff innanfor ein 24 toms sirkel (61 cm) på 300 yard (2,22 mil/ 7,64 bogeminutt). Ei Mad Minute-tevling vart arrangert i Soknedal i Noreg den 30. mai 2015, der fleire av dei beste stangskyttarane i landet deltok. Konkurransen vart kalla «Mad Minute Challenge», og vart skoten på ei skive med diameter på 40 cm frå 200 meter (2 mil/ 6,9 bogeminutt), som gjer skiva mindre enn soga om Alfred Snoxall. Thomas Høgåsseter vart vinnar med 36 treff, medan gjennomsnittet av 11 deltakarar var 29 treff.
Målstørrelsar Tabellane under er baserte på sonene i den opphavlege Second Class-figuren (12, 24, 36 og 48 tommar) plassert på 300 yard, og viser den same relative skivestorleiken for forskjellige avstandar. Militærkalibra frå den tida (som .303 British, 6.5×55mm, 8x57mm osv.) er kraftigere og med mindre vindavdrift enn moderne militærkaliber i dag (som 5.56 NATO, 7.62x39mm, osv.). Vindavdrift ville derfor knapt vore merkbart på 100 m, lite merkbart på 200 m og framleis ein svært liten faktor på 300 m.
Tilsvarande tommestorleikar Relativ størrelse100 yard (91 m)200 yard (183 m)300 yard (270 m) 3,82 moa (1,11 mil) 4" (10 cm) 8" (20,3 cm) 12" (30,5 cm) 6,75 moa (2 mil) 7" (18 cm) 14" (35,5 cm) 21" (53 cm) 7,64 moa (2,22 mil) 8" (20,3 cm) 16" (40,6 cm) 24" (61 cm) 11,46 moa (3,34 mil) 12" (30,5 cm) 24" (61 cm) 36" (91,4 cm) 15,3 moa (4,5 mil) 16" (41 cm) 32" (81 cm) 48" (122 cm)
Tilsvarande metriske mål Relativ størrelse100 m200 m300 mForklaring 1,11 mil (3,82 moa) 11,1 cm 22,2 cm 33,3 cmStorleiken på siktepunktet i Second Class-figuren 2 mil (6,75 moa) 20 cm 40 cm 60 cmSkiva brukt i den moderne utgåva «Mad Minute Challenge», berre 1 poeng per treff (2015-rekord på 36 treff) 2,22 mil (7,64 moa) 22,2 cm 44,4 cm 66,6 cmIndre ring av Second Class-figuren (3 poeng), storleikar tilsvarande soga om Alfred Snoxall sine 38 treff 3,34 mil (11,46 moa) 33,4 cm 66,8 cm 100 cmYtre ring av Second Class-figuren (2 poeng) 4,5 mil (15,3 moa) 45 cm 90 cm 135 cmYtre firkant av Second Class-figuren (1 poeng)
Annan bruk Tidleg bruk mini|Skyting med muskettar. Uttrykket vart opphavleg brukt for å skildre tida det tok å lada ein muskett i kampar på 1700- og 1800-talet. Soldatar stod skulder mot skulder framføre fiendtlege formasjonar på avstandar frå 50 til fleire hundre meter med relativt upresise og sakteladande muskettar. Etter å ha avfyrt eit skot ville kvar soldat lade eit nytt skot så raskt som mogleg medan fienden gjorde det same. Grunna musketten sin dårlege presisjon var uttrykket spesielt relevant på korte avstandar.
Vietnamkrigen I Vietnamkrigen vart uttrykket brukt om ein drill med intens automateld for å drive ut inntrengarar eller drive tilbake eit overfall.V24N3 - Battlefield Innovation
Militær bruk i dag Uttrykket blir framleis brukt i militær terminologi i dag for å skildre ein kort periode med intens automateld.http://www.dtic.mil/cgi-bin/GetTRDoc?
Sjå også Stangskyting Felthurtigskyting
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mad minute» frå , den 4. juni 2016.
Referansar
Bakgrunnsstoff Historical Firearms - The Mad Minute Video: Thomas Høgåsseter sets the world record of 36 hits in Soknedal, Norway 30 May 2015
Kategori:Skytesport Kategori:Militær terminologi