Jan Hendrik Oort () var ein nederlandsk astronom som gjorde viktige bidrag i å forstå Mjølkevegen og ein pioner innan feltet radioastronomi. Han er blitt omtalt som ein av dei største astronomane på 1900-talet I 1955 var Oort nemnt i magasinet Life si liste over dei 100 mest kjende personane som var i live då.
Oort fann ut at Mjølkevegen roterer og forkasta ideen om at sola ligg i sentrum. Han oppdaga mystisk, usynleg «mørk materie» i 1932, som ein trur utgjer meir 90 % av universet og gravitansjonstiltrekkjinga skapar «grupper av stjerner i galaksar og galaksar i grupper.» Han oppdaga den galaktiske haloen, ei gruppe stjerner som krinsar kring Mjølkevegen, men utafor hovudskiva. I tillegg er Oort ansvarleg for mange viktige funn om kometar, inkludert forståinga av at banane deira «impliserte at det var mykje meir av solsystemet enn regionen som planetane dekkjer.»
Oortskya, Oort-konstantar og asteroiden 1691 Oort er alle namnsette etter han.
Han var professor og direktør for observatoriet i Leiden 1945 til 1970 og han var president i International Astronomical Union (IAU) frå 1958 til 1961.
Prisar Prisar Brucemedaljen til Astronomical Society of the Pacific i 1942 Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1946 Henry Norris Russell Lectureship hos American Astronomical Society i 1951 Gouden Ganzeveer i 1960 Vetlesen-prisen i 1966 National Radio Astronomi Observatory, Jansky-prisen, 1967 Karl Schwarzschild-medaljen til Astronomische Gesellschaft i 1972 Association pour le Développement International de l’Observatoire de Nice, evt.ION medal, 1978 Balzan-prisen for astrofysikk i 1984 Inamori Foundation, Kyoto-prisen, 1987
Oppkallingar Asteroiden 1691 Oort Oortskya Oortkonstantar for galaktisk struktur.
Då han døydde sa nobelprisvinnaren og astrofysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar «Den store astronomi-eika har falle, og me er bortkomne utan skuggen hennar.»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Oort» frå , den 17. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nederlandske astronomar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Tilsette ved Leiden universitet Kategori:Elevar ved Universitetet i Groningen Kategori:Folk frå Franekeradeel Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege nederlandske vitskapsakademiet