«We Are the Champions» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.BRITs 25 Song Award: We Are The Champions – Queen BBC Henta 29. juni 2016 Han var skriven av Freddie Mercury og er ein av dei mest populære songane til Queen og ein av dei mest kjende rockeanthemane.We Are the Champions: Song Review AllMusic Henta 29. juni 2016

Songen vart ein hit verda over og nådde andreplassen på UK Singles Chart, og fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA. I 2009 vart «We Are the Champions» innlemma i Grammy Hall of Fame,Grammy Hall of Fame Award Grammy.org Henta 29. juni 2016 og vart stemma fram som favorittsongen i verda i ei verdsomfattande undersøking i 2005 av Sony Ericsson.Haines, Lester (29. september 2005) 'We Are The Champions' voted world's fave song (Sony Ericsson world music poll) Henta 29. juni 2016

«We Are the Champions» har vorte ein sports-anthem for sigrande lag under idrettsarrangement, og var mellom anna offisiell kjenningsmelodi for fotball-VM 1994. Songen er òg ofte nytta eller referert til i popkulturen og har blitt spelt av mange andre artistar.

Queen-versjonen

Musikk Songen var skriven av Freddie Mercury med tanke på å få respons frå publikum. Brian May sa: «Me ønskte at publikum skulle vinke og synge. Han er særs samlande og positiv».For the first time ever...Queen: Ten great hits from the sensational rock band Mail Online Henta 29. juni 2016

Musikalsk er han basert kring pianopartiet til Mercury, medan Roger Taylor og John Deacon spelar trommer og bassgitar. May la til noko gitar, i starten berre subtilt, men etter kvart kjem ein «solo» som vert spelt samstundes med det siste refrenget. Mercury brukte mange jazzakkordar og refrenget består av fire eller fem stemmer med vokalharmoniar. Solovokalen er krevjande, og den høgaste tonen er C5. Ein av dei mest kjende framføringane av songen fann stad under Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985.Sacha Baron Cohen to play Freddie Mercury BBC News Henta 22. januar 2011

B-sida til singelen var «We Will Rock You», og dei to songane følgde kvarandre på albumet, og vart òg ofte spelt etter kvarandre som avslutningsnummer på konsertane til Queen. Stundom vert dei spelt i lag på radio òg. Songen vart framført som avslutningsnummer i 1992 på Freddie Mercury Tribute Concert der alle artistane dukka opp på scenen og song bak solovokalisten Liza Minnelli.

Musikkvideo Videoen til songen vart filma i New London Theatre Centre den 6. oktober 1977 og vart regissert av Derek Burbridge. Ein alternativ versjon som byrjar i svartkvitt, før han glir over i fargar når trommene og gitaren kjem inn, vart sendt på Top of the Pops 2 og består av andre videoopptak frå den same dagen.

Lister I 1977–1978 vart «We Are the Champions» gjeven ut på singel i mange land, og nådde andreplassen på UK Singles Chart. fjerdeplassen på Billboard i USA, topp 10 i Irland, Nederland og Noreg, og topp 15 i Tyskland, Austerrike og Sverige.

I 1992, 1993 og 1998 vart singelen gjeven ut på ny i Frankrike, og lågt totalt 45 veker inne på singellista der, og nådde høvesvis 19., 14. og 10. plass, siste gongen under fotball-VM 1998.

Medverkande Freddie Mercury – Solo- og korvokal, piano Brian May – elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor – trommer, korvokal John Deacon – bassgitar

Innhald

7" single (1977) «We Are the Champions» – 3:00 «We Will Rock You» – 2:00

3" CD-singel (1988) «We Are the Champions» – 3:02 «We Will Rock You» – 2:02 «Fat Bottomed Girls» – 3:23

CD-singel (1992) «We Are the Champions» – 2:59 «We Will Rock You / We Are the Champions» – 5:00

Lister og salstrofé

Vekeslister Liste (1977–78)PlasseringAustralia KMRhttp://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=350928Den austerrikske singellista"We Are the Champions», in various singles charts Lescharts.com (Henta 29. juli 2008)12Canadian RPM Top Singleshttps://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5544a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k13Nederlandsk Topp 402Den tyske singellista13Irish Singles ChartIrish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 29. juli 2008)3VG-lista6Sverige14UK Singles ChartUK Singles Chart Chartstats.com (Henta 29. juli 2008)2US Billboard Hot 100Billboard [ allmusic.com] (Henta 29. juli 2008)4Liste (1993/94)PlasseringNederlandsk Mega Top 10027Den franske singellista14Liste (1998)PlasseringDen franske singellista10Liste (2006)PlasseringUS Billboard Hot Digital Songs61

Årslister Liste (1978)RankAustralia57Den austerrikske singellista1978 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 29. juli 2008)25Canadian Top Singleshttps://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0070a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k127U.S. Billboard Hot 100http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1978.htm25Liste (1998)PlasseringDen franske singellista1998 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 29. juli 2008)72

Salstrofé

Crazy Frog-versjon

«We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» er ein song frå 2006 av Crazy Frog, inspirert av Queen sin versjon. Han vart gjeven ut som singel den 5. juni 2006. Samstundes vart det gjeve ut ein coverversjon av Queen sin song med same namn, i samband med fotball-VM . Vokalarrangementet inneheld ein sampling frå originalutgåva til Queen.

Singelen hadde størst suksess i Frankrike, der han gjekk rett inn på førsteplassen den 10. juni 2006, og låg på toppen i fem veker. Singelen selde til gullplate i Frankrike etter to månader, og vart den 15. bestseljande singelen i landet det året.

Innhald CD-singel «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57 «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:49

Maxi-singel «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57 «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (house mix) – 6:04 «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:51 «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix dub) – 5:17 «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (video)

Salstrofé og lister LandSalstroféDatoGrenseFysisk salBelgiaBelgian certifications Ultratop.be (Henta 11. august 2008)Gull9. september 200620 000FrankrikeFrench certifications Disqueenfrance.com (Henta 10. juni 2016)Gull30. august 2006200 000205 9082006 Den franske singellista Fanofmusic.free.fr (Henta 10. juni 2016)

Lister

Liste (2006)PlasseringAustralia"We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Lescharts.com (Henta 10. juni 2016)13Den austerrikske singellista4Belgia (Flandern)10Belgia (Wallonia) 2Den danske singellista3Nederlandsk Mega Top 100100Eurochart Hot 1002Den finske singellista10Den franske singellista1Den tyske singellista"We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Acharts.us (Henta 29. juli 2008)10Irish IRMA Singles Chart23Den italienske singellista13New Zealand RIANZ20Den spanske singellista2Den svenske singellista11Den sveitsiske singellista5UK Singles Chart11

Årsliste (2006) PlasseringDen austerrikske singellista2006 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 17. mai 2008)44Belgia (Flandern) 2006 Belgian (Flandern) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)36Belgia (Wallonia) 2006 Belgian (Wallonia) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)12Den franske singellista2006 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 10. juni 2016)15

Andre versjonar og samplingar 2001: Robbie Williams på vokal med Queen (May/Taylor) for filmmusikken til filmen A Knight's Tale.Soundtrack for «A Knight's Tale". Internet Movie Database.

Live-versjonar Liza Minnelli og andre artistar under The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992. Green Day på Reading Festival 2004, og Live 8 i 2005.Live 8 accounts: Berlin BBC. Henta 11. juli 2011«Green Day American Idiot". BBC. Henta 4. mars 2015 I 2011 song Christina Aguilera, Cee Lo Green, Adam Levine & Blake Shelton songen på The Voice.'The Voice': Christina Aguilera, Blake Shelton, Adam Levine, Cee Lo Green Perform Queen Medley The Hollywood Reporter. Henta 16. mars 2012 I 2012 song Katy Perry songen på Summertime Ball 2012 føre 80 000 på nye Wembley Stadium i London.«Katy Perry Parties Out In London After Summertime Ball 2012 Performance". Capital FM. Henta 20. juni 2012

Forsking som er publisert av The Daily Mail I 2011 skreiv The Daily Mail om at ei gruppe forskarar kåra songen til den mest fengande i popmusikkhistoria;We Are The Champions voted catchiest pop song of all time... by scientists, The Daily Mail, 29. september 2011 Artikkelen nemnde ikkje namnet på forskarane eller namnet på forskergruppa.

I 2011 konkluderte ei gruppe forskarar at songen var den mest fengande i popmusikkhistoria, trass i at han ikkje hadde nådd toppen av salslistene nokon stad. Dr. Daniel Mullensiefen sa om studiet, «Alle musikalske hittar baserer seg på matte, vitskap, lydteknikk og teknologi; frå fysikken og frekvensane i lyden som avgjer tonehøgd og harmoni, til dei høgteknologiske digitale prosessorane og synthesizerane som kan legge til effektar for å gjere songen meir fengande. Me oppdaga at det finst ein vitskap bak allsongen og spesielle kombinasjonar av nevrologi, matte og kognitiv psykologi kan produsere ein unngåande elliksir av den perfekte allsong-songen.»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «We Are the Champions» frå , den 29. juni 2016.

Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at the Bowl, Queen + Paul Rodgers, at Freddie Mercury tribute concert (with Liza Minnelli) Tekst frå nettsida til Queen: full live-versjon (frå The Singles Collection Volume 4), forkorta liveversjon (frå Live Magic)

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Patriotiske songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar produserte av Mike «Clay» Stone Kategori:Liza Minnelli-songar Kategori:Robbie Williams-songar Kategori:FIFA VM-songar Kategori:Fotballsongar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Hardrockballadar