Khawaja Muhammed ibn Muhammed ibn Hasan Tūsī (farsi محمد بن محمد بن الحسن طوسی, betre kjend som Nasīr al-Dīn Tūsī (farsi نصیر الدین طوسی eller berre Tusi i Vesten) () var ein persisk astronom. Han føretok mange reiser i ungdomen sin og levde seinare i Bagdad, der han av makthavaren, ilkhanen Hulagu, fekk midlar til å grunnleggje eit stort observatorium i Maragha i det nordvestlege Iran. Under Nasir ud-Din vart «dei ilkanske tabellane» utarbeidd. Desse inneheld planettabellar og ein stjernekatalog, som hovudsakleg byggjer på sjølvstendige observasjonar. Han skreiv over 20 verk om astronomi, matematikk og geografi.

Kjelder

Kategori:Islamske mellomalderastronomar Kategori:Islamske mellomaldermatematikarar Kategori:Persiske mellomalderastronomar Kategori:Persiske mellomaldermatematikarar Kategori:Folk frå Mashhad Kategori:Folk frå Tus i Iran Kategori:Persiske filosofar Kategori:Astronomar på 1200-talet Kategori:Matematikarar på 1200-talet Kategori:Iranarar på 1200-talet