Dina Asher-Smith () er ein britisk friidrettsutøvar frå Orpington som tevlar på sprintdistansane. Ho vart europameister på 200 meter under EM i friidrett 2016, og har to stafettmedaljar frå VM 2013 og EM 2016.
Aktiv Asher-Smith vann 200-meteren og sprang på Storbritannia sitt vinnarlag på 4 x 100 m stafett under junior-EM 2013 i italienske Rieti. Ein månad seinare deltok ho også på Storbritannia sitt bronselag i 4 x 100 m stafett då verdsmeisterskapen 2013 fann stad i Moskva. Også i 2014 vann ho ein EM-tittel for juniorar, men då på 100 meter i Eugene i USA.
I juli 2015 sette Asher-Smith personleg rekord på 100 meter med 10,99 sekundar under eit stemne i London. Ho kvalifiserte seg i august same året til finalen på 200 m i verdsmeisterskapen i Beijing. I finalen kom ho i mål på tida 22,07, ny britisk rekord, men ho vart likevel berre nummer fem i det som må ha vore det tidenes sterkaste felt i ein 200 meter for kvinner.
Asher-Smith vann EM-gull på 200 m og fekk eit sølv på 4 x 100 m stafett under friidretts-EM 2016 i Amsterdam.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje i 4 x 100 m stafett EM 2014 i Zürich: Nr 8 på 200 m – braut (22,61 i semifinalane) VM 2015 i Beijing: Nr 5 på 200 m – 22,07 EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje på 200 m – 22,37, framom Ivet Lalova (22,52) OL 2016: Bronsemedalje på 4 × 100 meter stafett OL 2020: Bronsemedalje på 4 × 100 meter stafett OL 2024: Sølvmedalje på 4 × 100 meter stafett VM 2025 i Tokyo: Nr 5 på 200 m, nr 8 på 100 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dina Asher-Smith» frå , den 11. juli 2016.
World Athletics
Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå London