Robert Grant Aitken () var ein amerikansk astronom.

Aitken var knytt til Lick-observatoriet i California frå 1895 til 1935 og er særleg kjend for arbeidet sitt med dobbeltstjerner, som han oppdaga over 3000 av. Han var forfattar av The Binary Stars (2. utg. 1935) og New General Catalogue of Double Stars within 120° of the North Pole, ved utgjevinga i 1932 ei komplett nedskriving over dei 17 180 dobbeltstjernene som var kjend i 1927.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Astronomar på 1900-talet Kategori:Brucemedaljen Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Folk frå Amador County i California