«Pain Is So Close to Pleasure» er ein song av Queen, gjeven ut på singel berre i Canada, Tyskland, Nederland og USA som den andre singelen frå albumet A Kind of Magic i 1986.

Songen byrja som eit riff av Brian May. John Deacon og Freddie Mercury gjorde så dette om til ein song, der Deacon spelar rytmegitar. Singelen nådde 43. plassen på den nederlandske singellista. Tittelen finst òg som ei linje i «One Year of Love». Som dei fleste songane til Mercury, vert det nytta markant klaverinstrument og som dei fleste Deacon-songanr har han ei markant basslinje. Det er òg ein av dei få songane der Mercury syng all vokalen i falsett.

Versjonen som finst på singelen er ein remix, der det meste av akkompagnementet er omarrangert. 12"-singelen inneheld ein lengre versjon av denne miksen.

Lister Land (1986)PlasseringTyskland56Nederland43

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser, sampler, piano Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer John Deacon - bassgitar, rytmegitar, trommeprogrammering, synthesiser, sampler

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pain Is So Close to Pleasure» frå , den 24. juli 2016.

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Queen-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av John Deacon Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1986