«Breakthru» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er tilskriven heile Queen, og vart gjeven ut i juni 1989 på albumet The Miracle. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, og nådde sjetteplassen i Nederland og Irland, men gjekk ikkje inn på lista i USA. Songen er merkverdig for videoen der gruppa spelar songen på ein togvogn på eit kjapt damplokomotiv.
Song Albumversjonen av songen byrjar med 30 sekund med langsam vokalharmoni. Denne vart visstnok skriven av Freddie Mercury for ein annan song, som aldri vart gjeven ut, «A New Life Is Born».Unreleased Queen Tracks. Ultimatequeen.co.uk. Henta 25. juli 2016. Han endrar seg så raskt til ein kjapp rockelåt, som var skriven av Roger Taylor. Andre versjonar av songen vart skapt ved å anten forlenge eller korte ned introduksjonen.The Miracle. QueenVault.com (1989-03-15). Henta 25. juli 2016. I eit intervju i 1989 sa Mercury at dette var eit flott døme på to separate bitar som kom saman til ein eigen song. Han kommenterte korleis bandet hadde kring 30 songar å arbeide med, men berre gjorde ferdig ein liten del.1989 Radio Interview with Queen hosted by Mike Read
Video Musikkvideoen til songen vart filma i løpet av to dagar på museumsjernbanen Nene Valley Railway nær Peterborough i Cambridgeshire i England. Gruppa leigde damplokomotivet No. 3822Didcot Railway Centre . Didcot Railway Centre. Henta 25. juli 2016. og ei open vogn. Gruppa kalla toget «The Miracle Express», og namnet stod måla i store raude bokstavar på begge sider av lokomotivet.Peterborough Tourist Attractions: Sightseeing and Attractions in Peterborough Area, England, UK. Peterborough.world-guides.com. Henta 25. juli 2016. Overgangen frå den rolege introen til den kjappe rockelåten skjer samtidig med at toget brasar gjennom ein vegg av polystyren, måla som ein mursteinsmur. Resten av videoen består av toget som køyrer, medan bandet framfører songen på togvogna.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, klaverinstrument Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, klaverinstrument, korvokal John Deacon - bassgitar David Richards - klaverinstrument, programmering
Lister Liste (1989)PlasseringVeker på listaDen australske singellistaAustralian-charts.com451Den kanadiske singellistaCollectionscanada.gc.ca803Den nederlandske singellistaDutchcharts.nl614Den tyske singellistaDie ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche . musicline.de. Henta 25. juli 2016.2412Irish Singles ChartThe Irish Charts – All there is to know. Irishcharts.ie. Henta 25. juli 2016.64Den italienske singellista24?Den newzealandske singellista451Den sveitsiske singellistaSwisscharts.com284UK Singles ChartQueen – Breakthru'. Chart Stats (1989-08-26). Henta 25. juli 2016.78
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Breakthru (song)» frå , den 25. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar