Deon Hemmings () er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Saint Ann Parish som i 1990-åra og tidleg 2000-tal tilhøyrde verdseliten på 400 meter hekk. Åra 1992-2001 kvalifiserte ho seg til alle åtte OL- og VM-finalane på langhekken. Ho vart olympisk meister i 1996, og tok òg OL-sølv, VM-sølv og to VM-bronsar i øvinga. Dessutan vann ho OL-sølv og VM-bronse i 4 x 400 m stafett med Jamaica.
Aktiv Hemmings kom på andreplass på 400 m hekk i Samveldeleikane 1994 i Victoria i Australia, engelske Sally Gunnell sigra. I 1995 vann Hemmings si fyrste VM-medalje, ein bronsemedalje på 400 meter hekk i Göteborg.
Høgdepunktet for Hemmings kom under dei olympiske leikane 1996 i Atalanta, der ho lukkast vinne langhekken på ny olympisk rekord, 52,82 sekundar, framom Kim Batten og Tonja Buford-Bailey, begge frå USA. Det var den aller fyrste olympiske gullmedaljen vunne av ei kvinne frå Jamaica. I VM 1997 var ho nær ved å sikre seg nok ein gullmedalje, men måtte gje tapt for Nezha Bidouane frå Marokko. Ho fekk også ein bronsemedalje i same meisterskapen då ho sprang den tredje etappen for Jamaica sitt lag i 4 x 400 meter stafett. To år seinare tok ho i Sevilla si tredje strake VM-medalje i 400 m hekk, ein bronse.
Eit sterkt løp av russiske Irina Privalova hindra Hemmings å forsvare OL-gullet på langhekken då sommarleikane 2000 fann stad i Sydney. Med 53,12 sekundar i sluttid viste ho Hemmings til sølv på tida 53,45. Også i 4 x 400 meter stafett fekk Hemmings ein sølvmedalje for sin og lagkameratane sin innsats.
Ho la opp etter 2001-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Utslått i forsøka (nr 18 – 57,13) OL 1992 i Barcelona: Nr 7 på 400 m hekk – 55,58 VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 på 400 m hekk – 54,99 VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje på 400 m hekk – 53,48 OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje på 400 m hekk – 52,82 VM 1997 i Aten: Sølv på 400 m hekk – 53,09. Bronse i 4 x 400 m stafett VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje på 400 m hekk – 53,16 OL 2000 i Sydney: Sølvmedaljar på 400 m hekk – 53,45, og i 4 x 400 m stafett VM 2001 i Edmonton: Nr 7 på 400 m hekk – 55,83
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deon Hemmings» frå , den 31. juli 2016. World Athletics
Kategori:Jamaicanske hekkeløparar Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000