Deep Cuts, Volume 2 (1977–1982) er eit samlealbum av Queen med songar frå 1977 til 1982. Som føregangaren (Deep Cuts, Volume 1) inneheld det Queen-songar som er mindre kjende. Deep Cuts Volume 2 vart gjeve ut samstundes med nyutgjevingane av dei fem studioalbuma frå denne perioden (News of the World, Jazz, The Game, Flash Gordon og Hot Space). Alle songane er henta frå desse fem albuma. I følgje plateomslaget var versjonen av «Jealousy» med på denne utgjevinga. «Basstromma» som vart fjerna frå den originale miksen av albumet er her med att.
Innhald
Medverkande Freddie Mercury: solo- og korvokal, piano, synthesizer, klaverinstrument, synthbass på «Staying Power». Brian May: sologitar, solovokal på «Sail Away Sweet Sister» og «Sleeping on the Sidewalk», falsettvokal på «Put out the Fire», korvokal, synthesizerar, perkusjon. Roger Taylor: trommer, perkusjon, solovokal på «Rock it (Prime Jive), solovokal på «Sheer Heart Attack og «Action This Day», korvokal, synthesizer, bassgitar på «Sheer Heart Attack». John Deacon: bassgitar, akustisk gitar, synthesizerar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Freddie Mercury Tribute Concert» frå , den 2. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 2011 Kategori:Queen-album Kategori:Island Records-album