Ljudmila Ivanovna Sjevtsova () var ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Taman som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 800 meter i 1960.
Sjevtsova tok bronsemedaljen på 800 m under friidretts-EM i Bern i 1954. Året etter vart ho sovjetmeister på 400 m og 800 m, også i 1956 og -59 vann ho 800 m i sovjetmeisterskapen.
Den 3. juli 1960 sette ho verdsrekord på 800 meter. Rekordtida 2.04,3 tangerte ho då ho to månader seinare spurta forbi australske Brenda Jones og vann gullmedaljen på distansen under sommarleikane i Roma. Ho vart sovjetmeister på yndlingdistansen i 1961 og -62, men vart slått ut i EM i friidrett 1962 i Beograd.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Lyudmila Shevtsova» frå , den 14. august 2016.
Kategori:Ukrainske mellomdistanseløparar Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960