«Be Quick or Be Dead» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den første singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.

Oversyn Songen handlar om fleire politiske skandalar som fann stad på denne tida, inkludert bankskandalen med Robert Maxwell, kræsjet i den europeiske aksjemarknaden og BCCI-saka. Singelen kom ut ein månad før albumet og nådde andreplassen på den britiske singellista. Songen er kjappare og tyngre enn dei fleste Iron Maiden-songane, og var den første singelen til bandet som var skriven i lag med Janick Gers.

B-sida består av to offisielle songar og eit løynd spor, inkludert ein original bluessong («Nodding Donkey Blues») og ein Montrose-song («Space Station No. 5»), og den ulista «Bayswater Ain't a Bad Place to Be». Den siste er eit munnleg, komisk stykke av Bruce Dickinson (akkompagnert på akustisk gitar av Janick Gers) der han imiterer og gjer narr av Maiden-manageren Rod Smallwood.

Songen vart nytta i videospelet Carmageddon 2.

Innhald «Be Quick or Be Dead» (Bruce Dickinson, Janick Gers) – 3:24 «Nodding Donkey Blues» (Iron Maiden) – 3:11 «Space Station #5» (Montrose cover; Ronnie Montrose, Sammy Hagar) – 3:47 «Bayswater Ain't a Bad Place to Be» (Dickinson, Gers) – 8:05 (løyndspor på tilfeldige britiske versjonar)

Medverkande Henta frå singelomslaget: Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, produsent Nicko McBrain – trommer Produksjon Martin Birch – produsent Derek Riggs – illustrasjon på omslaget Mike Prior – fotografi George Chin – fotografi

Lister Liste (1992) Plassering Australian Singles Chart 47 Den belgiske singellista (Flandern) 47 Den nederlandske singellista 26 Den tyske singellista 32 Irish Singles Chart 10 New Zealand Singles Chart 12 VG-lista i Noreg 3 Sverigetopplistan 15 Den sveitisiske singellista 15 UK Singles Chart 2

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Be Quick or Be Dead» frå , den 31. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar frå 1992 Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar skrivne av Janick Gers Kategori:EMI Records-singlar