Tønder kommune er ein dansk kommune i Sønderjylland i Region Syddanmark. Kommunen vart skipa i samband med kommunereforma 1. januar 2007 og er ei samanslåing av Bredebo kommune, Højer kommune, Løgumkloster kommune, Nørre-Rangstrup kommune, Skærbæk kommune, og tidlegare Tønder kommune.
Kommunen har 36 651 innbyggjarar (2024) og administrasjonsenteret ligg i Tønder. Tønder kommune har grense mot Tyskland i sør.
Borgarmeistrar Jørgen Popp Petersen (SP) 2022– Henrik Frandsen (V) 2016–2021 Laurids Rudebeck (V) 2009–10. mai 2016 Vagn Therkel Pedersen (V) 2007–2009
Fotnoter
Kjelder
Kategori:Kommunar i Region Syddanmark