thumb| Gyland kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1815 på Nuland i Gyland, ei bygd i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Kyrkja har 300 sitjeplassar.

Flyttinga av Gyland kyrkje Kyrkjestaden for Gyland var frå mellomalderen ved Gyland gard. Der stod i si tid ei langkyrkje som vart avløyst av dagens kyrkje i 1815. Denne kyrkja vart flytta til Sandvikodden ved Nuland i 1929.

Kyrkjegarden er framleis på den gamle kyrkjestaden, der det i 1970 vart oppført eit kapell.

Krusifikset frå Limoges Flyttinga tok to år, og vart ferdigstilt i 1929. Under prosessen vart det funne eit krusifiks, som vart sendt til Kunstindustrimuseet (no Nasjonalmuseet). Etter ynskje frå Gyland kyrkjelydsråd vart krusifikset tilbakeført til kyrkja i 2012.Limoges-krusifikset i Gyland kirke

Klokker Klokketårnet har to klokker, som framleis vert ringt manuelt (ikkje mekanisert).

Fotnotar

Kjelder

Gyland kyrkjelyd

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Flekkefjord Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1815 Kategori:Kulturminne i Flekkefjord Kategori:Kyrkjer i Lister og Mandal prosti