Priest...Live! er det andre konsertalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, spelt inn i The Omni i Atlanta den 15. juni 1986 og Reunion Arena i Dallas den 27. juni 1986.
Oversyn Alle songane på Priest...Live! vart spelte inn på Fuel for Life-turneen deira i 1986, som var turneen etter albumet Turbo. Det var ingen songar på albumet frå 1970-talsalbuma deira, men den nymastra versjonen frå 2001 inneheld «Hell Bent for Leather» som bonusspor. Albumet selde ikkje like godt som det førre konsertalbumet deira, Unleashed in the East, men hadde i oktober 2001 seld til gullplate i USA.
Versjonen av «Heading Out to the Highway» på dette albumet inneheld separate gitarsoloar av K.K. Downing og Glenn Tipton som ikkje finst på den originale studioinnspelinga, medan «Breaking the Law» inneheld ein ekstra solo av Downing.
Albumet kom først ut 21. juni 1987 som eit dobbeltalbum. Han vart gjeven ut i 2001 med nymastra lyd og tre bonusspor.
Konsertvideoen vart spelt inn ved Reunion Arena i Dallas den 27. juni 1986, og gjeve ut på VHS og LaserDisc i 1987. Videoen inneheld songane «Locked In», «Desert Plains», «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» og «Hell Bent for Leather», som ikkje finst på den originale plata, og selde til gull i februar 1988.
Innhald
Originalutgåve
Nymastra utgåve frå 2001
Medverkande Judas Priest Rob Halford – vokal K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar Ian Hill – bassgitar Dave Holland – trommer
Produksjon Produsert av Tom Allom Lydteknikar: Patrice Wilkison Levinsohn, assistert av Charles Dye Mastra av Mike Fuller Kunstnarisk leiar: Richard Evans Fotografi av Neil Zlozower
Salstrofé LandOrganisasjonÅrSalUSARIAA2001Gull (+ 500 000)CanadaCRIA1987Gull (+ 50 000)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Priest...Live!» frå , den 20. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Judas Priest-album Kategori:Konsertalbum frå 1987 Kategori:Album produserte av Tom Allom Kategori:Columbia Records-album