Undertale er eit datarollespel utvikla av Toby Fox. I spelet styrer spelaren ein gutunge som har falle ned i undergrunnen, eit stort, åtskilt område under overflata av Jorda, som er sperra av ein magisk barriere. Spelaren møter ei rekke monster på ferda for å kome tilbake til overflata, i hovudsak gjennom kampsystemet i spelet, som kjem fram når spelaren konfronterer eller støyter på eit monster. I det turbaserte kampsystemet kan spelaren mellom anna unngå å ta skade gjennom å navigere unna prosjektil som kjem flygande over skjermen, og kan velje å spare monstera i staden for å angripe og drepe dei. Vala som spelaren gjer påverkar hendingsgangen i spelet, både dialogen, karakterane og historia.
Toby Fox har utvikla Undertale uavhengig, inkludert komponeringa av musikken. Spelet er inspirert av mellom anna dataspelseriane Mother og Mario & Luigi, skytespelet Touhou Project, internettkultur og den britiske komiserien Mr. Bean. Undertale vart lansert 15. september 2015 til Microsoft Windows og OS X, og 17. juli 2016 til Linux. Spelet selde over ein million eksemplar etter at det kom ut, og det vart nominert til fleire prisar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Datarollespel Kategori:Dataspel frå 2015 Kategori:Linux-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:PlayStation Vita-spel Kategori:Windows-spel