Melodi Grand Prix 2006 var den 44. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 18 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 4. februar 2006 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «Alvedansen», framført av Christine Guldbrandsen og skriven av Guldbrandsen saman med Kjetil Fluge og Atle Halstensen. Christine Guldbrandsen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Aten, der ho kom på 14. plass med 36 poeng.

Sendingane Melodi Grand Prix 2006 blei den største og mest omfattande utgåva av Melodi Grand Prix til då, etter at NRK bestemde seg for å lage ein MGP-turné etter modell frå svenske Melodifestivalen. Det blei arrangert tre delfinalar med seks deltakarlåtar i kvar. To av låtane gjekk direkte til finalen i Oslo, medan to gjekk til Siste sjanse kvelden før finalen. Dei to siste i kvar delfinale var ute av tevlinga. I Sistesjansen gjekk dei to beste melodiane vidare, slik at det blei til saman åtte songar i finalen.

Dette var første gong sidan 1995 at NRK arrangerte semifinalar før finalen, men det var første gong tevlinga turnerte ulike stader i landet. NRK gjekk inn i eit samarbeid med produksjonsselskapa Dinamo Story og Stageway og inviterte fleire byar og tettstader til å by på å få ein delfinale til seg. Fleire byar takka nei, og til slutt blei Alta, Bodø og Bergen valde til delfinale-stader.«Trondheim avslo Grand Prix» . Adresseavisen. 30. november 2005.Thaule, Jørgen (7. januar 2006). «Full sjekk av Grand Prix-sponsing». Verdens Gang. s. 58.

Dei tre delfinalane blei haldne i Finnmarkshallen, Nordlandshallen og Framohallen. Sistesjansen og finalen blei haldne i Oslo Spektrum. Finalen blei send laurdag 5. februar 2006. Stian Barsnes-Simonsen og Synnøve Svabø var programleiarar for alle sendingane. Jostein Pedersen kommenterte undervegs.

NRK valde ein open konkurranse, og det kom inn 586 bidrag.«MGP med semifinaler». NRK.no. 16. november 2005. Også dette året kunne utanlandske låtskrivarar delta, og heile 12 av dei 18 bidraga var signert svenskar. Den svenske dominansen blei kritisert av norske låtskrivarar.NTB (4. januar 2006). «– Rene svensktoppen». nrk.no. NRK på si side hevda at norske låtskrivarar anten ikkje ville stille opp, eller at dei ikkje hadde sendt inn gode nok låtar.Bjørberg, Mette (12. januar 2006). «NRK avfeier kritikk for svorske sanger». an.no.

Blant deltakarane var det fleire kjende artistar. Trine Rein kom attende som artist, og Tor Endresen deltok for ellevte gong. I tillegg var tidlegare deltakarar som Jorun Erdal, Geir Rønning, Birgitte Einarsen, Mocci og Arlene Wilkes attende. For første gong var også to dragartistar blant deltakarane, gjennom duoen Queentastic. Riktignok hadde også to dragartistar vore ein del av Ketil Stokkans «Romeo» i 1986, men då som dansarar.

Resultatet i alle sendingane blei avgjort av sjåarane sine telefon- og SMS-røyster. I finalen blei dei åtte finalemelodiane framførte ein gong, og publikum kunne røyste undervegs. Dei fire mest populære songane gjekk vidare til ein gullfinale, der dei blei framførte på nytt. Røystetala blei nullstilte, og publikum røysta så på nytt. Wig Wam og den svenske showgruppa Schlagerfeber stod for pauseunderhaldningen før røystinga. Etter ei spennande røysting vann Christine Guldbrandsen og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2005 med «Alvedansen» – det første norskspråklege bidraget sidan 1998.«Melodi Grand Prix 2006 – finale». Norsk rikskringkasting. 4. februar 2006. Besøkt 5. august 2016.

Finalen

Første runde Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus1«Here for the Show»Trine ReinClaes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas LibergUte2«I Hear Music»Hans-Petter Moen og Kim Arne HagenHans-Petter Moen og Kim Arne HagenGullfinale3«Dreaming of a New Tomorrow»Tor EndresenPeter BertilssonFrank ÅdahlUte4«Absolutely Fabulous»QueentasticThomas G:son og Andreas RickstrandGerard James BorgGullfinale5«Saturday»Birgitte EinarsenNiclas Molinder, Joacim Persson og Pelle AnkarbergUte6«Alvedansen»Christine GuldbrandsenChristine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle HalstensenGullfinale7«Like a Wind»Veronica AkselsenStig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent MattssonUte8«Lost and Found»Jorun Erdal og Geir RønningClaes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas LibergGullfinale

Gullfinale Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarRøysterPlass2«I Hear Music»Hans Petter Moen og Kim Arne HagenHans Petter Moen og Kim Arne Hagen67 22324«Absolutely Fabulous»QueentasticThomas G:son og Andreas RickstrandGerard James Borg61 99736«Alvedansen»Christine GuldbrandsenChristine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle Halstensen77 56818«Lost and Found»Jorun Erdal og Geir RønningClaes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas Liberg57 9054

Røysting i finalen Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei sjåarane sine røyster kanaliserte inn i fem ulike geografiske regionar ut frå kor i landet røystene blei gitt. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga i tabellen under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster. Nr.TittelNord-NoregMidt-NoregSør-NoregAustlandetVest-NoregTotalt2«I Hear Music»5 8169 25310 54831 52010 08667 2234«Absolutely Fabulous»4 5836 8169 30533 3017 99261 9976«Alvedansen»5 1198 3419 52229 71324 87377 5688«Lost and Found»3 87213 1377 10224 1919 60357 905

Delfinalane

Delfinale 1

Finnmarkshallen, Alta, fredag 13. januar 2006

På grunn av teknisk feil fekk Trine Rein og bandet hennar framføre «Here for the Show» på nytt. Det fulle resultatet blei ikkje offentleggjort. Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus1«Here for the Show»Trine ReinClaes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas LibergFinale2«Lost and Found»Jorun Erdal og Geir RønningClaes Andreasson, Torbjörn Wassenius og Jonas LibergFinale3«Misled»Kirsti CarrSnorre Rønning og Kirsti CarrSiste sjanse4«My Dream»Christina UndhjemJesper Nordenstrøm og Christina UndhjemUte5«Tonight»Mocci RyenMocci Ryen og Daisy PusherUte6«Sunshine»Arlene WilkesNiclas Molinder, Joacim Persson, Pelle Ankarberg og Brian HobbesSiste sjanse

Delfinale 2

Nordlandshallen, Bodø, fredag 20. januar 2006 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus1«Absolutely Fabulous»QueentasticThomas G:son og Andreas RickstrandGerard James BorgFinale2«Heaven's in Your Eyes»Hanne HaugsandKristian HermansenUte3«The Better Side of Me»Ovi MartinEven OlsenSiste sjanse4«Too Much Love»Marit StrømøyNiklas Andersson, Thomas Lindberg og Kristian LandgrenUte5«I Hear Music»Hans-Petter Moen og Kim Arne HagenHans-Petter Moen og Kim Arne HagenFinale6«I Wanna Be»Jannicke AbrahamsenNiclas Molinder, Stefan Berg, Joacim Persson og Brian HobbsSiste sjanse

Delfinale 3

Framohallen, Bergen, fredag 27. januar 2006 Nr.TittelArtistKomponistTekstforfatterStatus1«Saturday»Birgitte EinarsenNiclas Molinder, Joacim Persson og Pelle AnkarbergSiste sjanse2«Like a Wind»Veronica AkselsenStig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent MattssonSiste sjanse3«Shut up and Kiss Me»PhungKee Marcello og Phung Ute4«Alvedansen»Christine GuldbrandsenChristine Guldbrandsen, Kjetil Fluge og Atle HalstensenFinale5«Paparazzi World»Kathrine StrugstadThomas Thörnholm og Dan AttlerudUte6«Dreaming of a New Tomorrow»Tor EndresenPeter BertilssonFrank ÅdahlFinale

Siste sjanse

Oslo Spektrum, fredag 3. februar 2006

Deltakarane i Siste sjanse var songane som kom på 3. og 4. plass i dei tre delfinalane. Sistesjanse-låtane blei ikkje framført direkte, i staden synte NRK framføringane frå dei ulike delfinalane.Krok, Anita (1. februar 2006). «Siste sjanse i opptak». Glåmdalen. Dei to songane som fekk flest telefon- og SMS-røyster, gjekk vidare til finalen dagen etter. Nr.TittelArtistKomponistTekstforfattarStatus1«Misled»Kirsti CarrSnorre Rønning og Kirsti CarrUte2«Sunshine»Arlene WilkesNiclas Molinder, Joacim Persson, Pelle Ankarberg og Brian HobbesUte3«The Better Side of Me»Ovi MartinEven OlsenUte4«I Wanna Be»Jannicke AbrahamsenNiclas Molinder, Stefan Berg, Joacim Persson og Brian HobbsUte5«Saturday»Birgitte EinarsenNiclas Molinder, Joacim Persson og Pelle AnkarbergFinale6«Like a Wind»Veronica AkselsenStig Lindell, Eva-Lena Carlqvist og Kent MattssonFinale

Hendingar På førehand hadde pressa og veddemålsbyråa Christine Guldbrandsen som klar favoritt.Hammerstad, Kathrine (1. februar 2006). «Christine er bookmakernes GP-favoritt». Bergensavisen.Rønneberg, Anders (5. februar 2006). «– Var det jeg som vant?». Dagbladet. s. 52. I røystinga i gullfinalen såg det derimot lenge ut til at Hans Petter Moen og Kim Arne Hagen skulle stikke av med sigeren. Då Vestlandet skulle gi røystene sine som siste region, gjekk derimot Guldbrandsen forbi og vann finalen. Dette var første gong sidan 1997 at ein song med norsk tekst vann Melodi Grand Prix. «Alvedansen» var det første norske Eurovision-bidraget med norsk tekst sidan 1998.

NRK fekk mykje ros for omlegginga av tevlinga, men også kritikk for at Bodø og Alta måtte betale store summar for å bli vertsstader. Produksjonsselskapet Dinamo Story produserte delfinalane i Alta og Bodø, medan Stageway produserte delfinalen i Bergen. Verken Bergen eller Oslo måtte betale for å få sendingane til seg.Thaule, Jørgen (6. januar 2006). «Bare Nord-Norge må betale MGP». VG Nett. NRK valde same konsept også i 2007, og fleire byar melde seg på i kampen om ein delfinale. NRK flytta også delfinalane frå fredag i laurdag i 2007.Aakermann, Marianne (15. september 2006). «Grand Prix-semifinale til Stokke». NRK Vestfold.

Sjåartala var også gode, sjølv om dei fire første sendingane var i direkte konkurranse med TV 2s talenttevling Idol. Dei tre delfinalane hadde respektive 789 000, 787 000 og 741 000 sjåarar. Siste sjanse hadde 684 000 sjåarar, medan finalen samla 1 264 000 sjåarar – nesten 100 000 færre enn året før.«Færre så Melodi Grand Prix i år». Kampanje. 6. februar 2006.

Fotnotar

Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Hendingar i 2006 Kategori:2006 i Noreg