«If Every Day Was Like Christmas» er ein song av Elvis Presley som kom ut i 1966 på singel, med «How Would You Like To Be» som B-side frå filmen It Happened at the World's Fair. Songen vart spelt inn 10. juni 1966 i RCA Studio B i Nashville med The Jordanaires og The Imperials Quartet på korvokal. Songen var skriven av Red West. Singelen nådde andreplassen på Billboard si «Best Bets For Christmas»-undersøking i 1966 og kom inn att på lista i 1967.

Songen kom med på RCA Camden si nyutgjeving av Elvis' Christmas Album i 1970. Dette albumet selde til diamantplate i 2011 med 10 millionar selde eksemplar.

Innspelingar

Songen vart omsett til dansk av Nis P. Jørgensen og kalla «Var hver dag jul» . Denne vart spelt inn av Bamse i 1995.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «If Every Day Was Like Christmas» frå , den 5. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Red West Kategori:USA-amerikanske julesongar