Girolamo Savonarola () var ein italiensk botspredikant og reformator frå Ferrara. Han vart brent som kjettar i Firenze.

mini|venstre|Samtidig madaljong av Savonarola

Savonarola var i 1490 lærar for munkane i dominikanarklosteret San Marco i Firenze, frå 1491 prior ved klosteret. Etter å ha studert Bibelen og Thomas Aquinas grundig, fekk han stort gjennomslag som botspredikant. Han snakka høgt om religiøst og moralsk forfall, og kom med profetiar om ein frykteleg straffedom mot folket.

I 1494 tolka bybuarane i Firenze som om profetiane skulle slå til, og Savonarola vart den øvste leiaren i byen. Fram til 1497 gjennomførte han eit teokratisk styre på demokratisk grunnlag.

Savonarola fekk mange fiendar, og vart lyst i bann av paven. Pest og økonomiske nedgangtider førte til at han mista tiltru. Han vart fengsla, dømd til døden, og brend på bålet etter førutgåande tortur.

Kjelder

Kategori:Italienske prestar Kategori:Folk frå Ferrara