«Crawfish» er ein song skriven av Fred Wise (tekst) og Ben Weisman (musikk) og spelt inn som ein duett mellom jazzsongaren Jean «Kitty» Bilbrew (òg kjend som Kitty White) og Elvis Presley.

Det var opningssongen for Presley i filmen King Creole i 1958.

Den britiske musikaren og Clash-frontmannen Joe Strummer skildra «Crawfish» på radioshowet sitt som ein av hans favorittsongar av Elvis-songar. Songen og tilrådinga hans vart nytta som filmmusikk i dokumentarfilmen Joe Strummer: The Future Is Unwritten i 2007.

Innspeling

Bilbrew og Presley spelte inn songen den 15. januar 1958 som filmmusikk for filmen King Creole i Radio Recorders i West Hollywood. Produsenten var Walter Scharf og lydteknikaren Thone Nogar. Det vart spelt inn minst åtte opptak. Hovudopptaket er opptak sju.

I 1978 gav Jean Bilbrew ut ein annan alternativ miks (med nye lydspor spelte inn i 1978) i ein versjon som vart sungen heilt av ho sjølv.

Andre versjonar 1958 - The Stone Crushers 1963 - Joe & Eddie 1966 - Thursday's Children 1966 - Eero ja Jussi & The Boys 1968 - Ronnie Knull and The Sand 1970 - Allan J. Ryan 1971 - River 1975 - Streetwalkers med Roger Chapman 1976 - Eero & Hille 1985 - Johnny Thunders & Patti Palladin 1987 - Stan Campbell 1989 - Wojciech Gąssowski‎ 1990 - The Reggae Philharmonic Orchestra 2000 - Swing Cats 2002 - Betty & The Bops 2007 - Ripmen 2009 - Preslisa 2010 - FailedSitcom 2012 - Vesna Pisarović med Clayton Thomas, Gerhard Gschlössl og Steve Heather 2013 - Ane Brun

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crawfish (song)» frå , den 14. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Songar med tekst av Fred Wise Kategori:Songar med musikk av Ben Weisman Kategori:Ane Brun-songar