«I Need Your Love Tonight» er ein song skriven av Sid Wayne og Bix Reichner og spelt inn av Elvis Presley den 10. juni 1958, i RCA Studios i Nashville i Tennessee. Han var den første av fleire singlar som vart spelt inn under ei siste innspeling før Presley drog i hæren. Han kom ikkje attende i studio før våren 1960.

Songen nådde fjerdeplassen på Billboard-lista i 1959. Han vart utgjeve som ei dobbel A-side med «A Fool Such as I», og songen låg fem veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1959.

I popkulturen

I 1985 spelte Alvin and the Chipmunks inn ein versjon kalla «I Need That Gold Tonight» for internasjoanle versjonar av Alvin and the Chipmunks-episode «The Gold of My Dreams».

Andre versjonar

Songen vart omsett til tysk av Claus Ritter og framført av Tommy Kent i 1959 som «Ich brauche dich dazu». Johnny Farago omsette og framførte ein franskspråkleg versjon av songen i 1976 kalla «Donne-moi ton amour». Året etter omsette og framførte Bamse songen på ådansk som «Jeg vil nyde at få lov». Ein nederlandsk versjon omsett av Rob Peters og John Spencer, vart framført av Spencer som «Blijf bij mij vannacht» i 1985.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Need Your Love Tonight» frå , den 18. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Songar skrivne av Sid Wayne Kategori:Songar frå 1958 Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Billy Swan-songar Kategori:Christer Sjögren-songar