mini|Namnet Elvis i lysande bokstavar ved Rock and Roll Hall of Fame. Elvis er eit opphavleg engelskspråkleg mannsnamn Det er særleg blitt kjend gjennom songaren Elvis Presley.
Opphav Namnet er ei anglisering av namnet til den irske helgenen Ailbe av Emly.Iseabail Macleod and Terry Freedman, The Wordsworth Dictionary of First Names: A Concise and Useful Guide to the Origins and Meanings of Over 2000 Names (Ware: Wordsworth, 1995), p. 68; Leslie Dunkling and William Gosling, Everyman's Dictionary of First Names, 3rd edn (London: Dent, 1991), pp. 82-83. Tydinga av dette namnet er usikker, det kan ha blitt forstått i mellomalderen som ei avleiing av irsk ail, 'stein'.S. Baring-Gould and John Fisher. The Lives of the British Saints: The Saints of Wales and Cornwall and Such Irish Saints as Have Dedications in Britain, 4 vols (London: Clark for the Honourable Society of Cymmrodorion, 1907-13), I pp. 129-30, accessed from https://archive.org/details/livesofbritishsa01bariuoft 24 November 2010.
Ei vanleg forklaring av opphavet til namnet er at det skal koma frå det gammalengelske Eall-wīs, som tyder 'allvis', men dette namnet er ikkje kjend frå angelsaksiske kjelder.Prosopography of Anglo-Saxon England. 2000. Henta 24. november 2010. Overgangen frå lyden w til v i moderne engelsk er også lite sannsynleg. Det er mogleg at forklaringa er inspirert av det norrøne mytologiske namnet Alvíss.Cf. Andre alternative ordsoger som er blitt føreslått inkluderer at det er eit etternamn avleidd frå Eloise, er ei avleiing av eit etternamn som Elwes, eller at det er knytt til namnet Alwyn.http://www.behindthename.com/name/elvis
Bruk
Namnet Elvis var i bruk før det blei gjort kjend av Elvis Presley (1935–1977), til dømes av den amerikanske embetsmannen Elvis Jacob Stahr, Jr. (1916–1998), som var fødd same året som far til Presley, Vernon Elvis Presley. Namnet blei likevel mykje meir populært då karrieren til Elvis Presley tok av.http://www.behindthename.com/name/elvis/top
Namnet har rundt 131 brukarar i Noreg.. Henta 1. november 2016. Det har 1324 brukarar i Sverige.
Kjende namneberarar Elvis Presley (1935–1977), amerikansk songar Per Elvis Granberg (1941-1980, opphavleg Per Granberg), norsk songar Elvis Costello (f. 1954), britisk songar, som tok artistnamn etter Presley Stig Elvis Furset (f. 1967), norsk Elvis-imitator Kjell Elvis (f. 1968 som Kjell Henning Bjørnestad), norsk Elvis-imitator Elvis Fatović (f. 1971), kroatisk vasspolospelar og -trenar Elvis Stojko (f. 1972), canadisk kunstløpar Ahyee Aye Elvis (f. 1983), ivoriansk fotballspelar Elvis Abbruscato (f. 1981), italiensk fotballspelar
Annan bruk Elvis! Elvis! er ei barnebok frå 1973 av Maria Gripe «Elvis» er ein song av den norske humortrioen Prima Vera
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elvis (namn)» frå , den 1. november 2016.
Kategori:Engelske førenamn Kategori:Mannsnamn