Roar Grønvold () er ein norsk tidlegare skeiseløpar, fødd i Sandsvær. Han vart norsk firkampmeister i 1972, same året som han vart nummer to både i EM og VM og tok to sølvmedaljar under Vinter-OL i Sapporo. Grønvold var medlem i Holmestrand og Botne Skøyteklubb, deretter i Tønsbergs Turnforening.
Grønvold vann junior-NM 1964, men fekk ikkje noko gjennombrot før 1970-sesongen. Under noregsmeisterskapen 1970 i Skien kom han på andreplassen bak Dag Fornæss, plasseringar som vart nøyaktig dei same då firkamp-NM 1971 fann stad i Moss.
1972-sesongen vart den store for Grønvold. På nyåret vart han noregsmeister på heimebane i Tønsberg, framom Fornæss og Sten Stensen. To veker seinare vart han andremann bak nederlendaren Ard Schenk i europameisterskapen i Davos. Under vinterleikane i Sapporo kom han sølvplassen både på 1500 meter og 5 000 m, også her var Schenk hans overmann. To veker syrgde Schenk enno ein gong for at Grønvold måtte nøye seg med andreplassen då firkamp-VM vart avvikla på Bislett stadion i Oslo.
Grønvold deltok i proff-EM 1973 og 1974, også i desse meisterskapane enda han på trinn to på sigerspallen. I 1973 vart han nummer tre i proff-VM.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roar Grønvold» frå , den 5. november 2016.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske fotballtrenarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Folk frå Holmestrand