Torbjørn Svarte (norrønt: Þorbjǫrn svarti) var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane.
Det er uvisst kvar helst han kom frå, men Finnur JónssonDen oldnorske og oldislandske litteraturs historie av Finnur Jónsson, bind II, side 44 reknar han for ein orknøyisk skald. Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Fleire skaldar var med på ferda og mellom dei var Torbjørn Svarte. I OrknøyingasogaOrknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) er ferda skildra over fem kapittel (86-90) og det meste handlar om sjølve reisa og berre kort om opphaldet i det heilage landet. I soga er det frå denne ferda sitert det einaste diktet som vi har etter Torbjørn Svarte, ei lausaviseLausavise av Torbjørn Svarte (Skaldic Project) som skildrar landgangen ved Akreborga.
Torbjørn Svarte døydde der ved Akreborga, truleg i 1152, og skalden Odde Litle gjorde to versLausavise av Odde Litle - om Torbjørn Svarte som døydde ved Akre-borga Lausavise av Odde Litle - om Torbjørn Svarte forts.]] til minne om han.
Det er ikkje ofte ein får kjennskap til kvar helst folk i norrøn tid vart gravlagt (utanom kongar og stormenn), men truleg kan vi feste lit til Odde Litle sitt dikt nedanfor (2. verset), når han seier at Torbjørn Svarte vart gravlagt ved «hovudkyrkja» i Akre. Det kan ha vore St. Georg kyrkjaSt. Georg Church in Acre BibleWalks.com som skal ha eksistert i krossfarartida, men seinare øydelagt på 1200-talet. Þar sák hann at hǫfuðkirkju siklings vin sandi ausinn. Nú þrumir grund grýtt of hônum sólu birt á suðrvegum.Der vart han med hovudkyrkja - sikling-venen - und' sanden sett. No dyl 'an gravmold, grytt utyver, med' soli skin på sudervegom. (norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga)
Referansar
Bakgrunnsstoff Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning (B side 512) av Finnur Jónsson
Kategori:Skaldar Kategori:Folk frå norrøn tid