«It Hurts Me» er ein song frå 1964 som Elvis Presley gav ut på RCA Victor. Han vart skriven av Joy Byers og Charles E. Daniels og er ein ballade Presley spelte inn for første gongen 12. januar 1964.Jorgensen, s. 189 Plateprodusenten og låtskrivaren Bob Johnston avslørte at det var han som faktisk hadde skrive songen, som var tilskriven kona Joy Byers.
Bakgrunn
Songen vart gjeven ut som B-side til filmsongen «Kissin' Cousins», som kom ut 10. februar 1964. A-sida nådde 12. plassen på den amerikanske singellista, medan «It Hurts Me» nådde 29. plassen. Innspelinga av songen markerte byrjinga av ein 28 månader lang periode der Presley ikkje spelte inn songar som ikkje vart nytta i filmar.
Elvis spelte inn ein ny versjon 20. juni 1968 og brukte denne songen i ein montasje under 1968 NBC Comeback Special.
Det finst ein kjend spansk versjon av songen i latinsk stil av Marco Tulio Sanchez, ein kjend artist i Colombia.
1964: Elvis Presley med The Jordanaires 1964: Living Guitars (instrumental) 1978: Ronnie McDowell 1990: Jerry Jackson 1997: Daniel Young 2000: Ricardo Caliente (instrumental) 2005: Kina Jaarnek 2007: Triple Dynamite 2007: Flemming Bamse Jørgensen 2007: Tom Green 2008: Ricky Norton 2009: Teddy Rune 2011: Kevin Löhr 2012: Steven Pitman 2016: Paal Flaata, Vidar Busk & Stephen Ackles
Ein fransk versjon kalla «Ca fait mal» vart skriven av Georges Aber og framført av Johnny Hallyday i 1964. Denne vart òg spelt av Betty & The Bops i 2000.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «It Hurts Me» frå , den 10. desember 2016. oppgav desse kjeldene: Jorgensen, Ernst (1998). Elvis Presley: A life in music. The complete recording sessions. St. Martin's Press. ISBN 0-312-18572-3.
Kategori:Balladar frå 1960-åra Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Charlie Daniels Kategori:Paal Flaata-songar