«Let It Be Me» er ein populær song opphavleg gjeven ut på fransk i 1955 som «Je t'appartiens». Han vart ein stor hit på engelsk for The Everly Brothers og seinare i ein duett mellom Betty Everett og Jerry Butler.

«Je t'appartiens» «Je t'appartiens» var ein fransk hit i 1955. Songen vart skriven og først spelt inn av Gilbert Bécaud. Teksten vart skriven på fransk av Pierre Delanoë.

Den engelskspråklege versjonen har ein tekst av Mann Curtis og vart framført i 1957 av Jill Corey i fjernsynsserien Climax!. Corey-versjonen, med orkestrering av Jimmy Carroll, vart gjeven ut på singel til ein viss suksess.

The Everly Brothers-versjonen The Everly Brothers var med å gjere songen populær i 1960 med utgåva si av «Let It Be Me» som nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. Harmoniarrangement for denne versjonen vart ofte etterlikna på seinare nyinnspelingar. Dette var den første Everly Brothers-singelen som vart spelt inn i New York, og ikkje i Nashville. Musikarane som akkompagnerte brørne på innspelinga var mellom andre Howard Collins, Barry Galbraith og Mundell Lowe på gitar, Lloyd Trotman på bass, Jerry Allison på trommer og Hank Rowland på piano.

Betty Everett- og Jerry Butler-versjonen Songen vart òg ein suksess i 1964 då Betty Everett og Jerry Butler gav ut sin versjon av songen. Den sjelfulle duetten vart ein stor hit og nådde femteplassen på Billboard Hot 100-lsita og toppa Cashbox Soul/R&B-lista i tre veker.

Innspelingar 1960-åra 1960 – The Everly Brothers 1961 – Chet Atkins 1962 – The Lettermen 1962 – Herb Alpert and the Tijuana Brass spelte inn songen på albumet The Lonely Bull. 1964 – Andy Williams 1964 – Skeeter Davis og Bobby Bare 1964 – Betty Everett og Jerry Butler gav ut sin versjon på singel. Denne nådde femteplassen på Hot 100 og toppen av Cashbox's R&B-lista. 1965 – Carla Thomas på albumet hennar Comfort Me. 1965 – Brenda Lee på albumet hennar Brenda Lee Sings Top Teen Hits. 1965 – Sonny & Cher på debutalbumet deira Look at Us. 1966 – Den australske popstjerna Johnny Young. Denne nådde topp 10 i Australia. 1966 – Peter and Gordon 1966 – Nancy Sinatra gav ut ein versjon på det andre Lee Hazlewood-produserte albumet hennar, How Does That Grab You?. 1967 – The Sweet Inspirations gav ut sin versjon på singel. Denne gjorde det godt på Billboard's R&B-liste og vart ein mindre hit på Hot 100. 1967 – Sam & Dave på Soul Men. Produsert og arrangert av Isaac Hayes (med David Porter) for Stax Records. 1968 – Claudine Longet gav ut ein versjon på albumet hennar Colours (A&M SP 4163). 1969 – Glen Campbell og Bobbie Gentry fekk ein hitt på Hot 100 med sin duettversjon av songen. 1969 – The 5th Dimension spelte inn songen og gav han ut på albumet deira The Age of Aquarius. 1969 – Tom Jones 1969 – Petula Clark 1969 – Françoise Hardy på albumet hennar En Anglais.

1970-åra 1970 – Leonard Nimoy spelte inn sonegn for hans The New World of Leonard Nimoy. 1970 – Bob Dylan spelte inn ein versjon av songen på Self Portrait. 1970 – Jay and the Americans spelte inn ein versjon av songen for albumet deira Wax Museum, Vol. 1. 1970 – Elvis Presley spelte songen på konsertane sine og finst mellom anna på On Stage. 1970 – Roberta Flack spelte inn ein versjon av songen for albumet hennar Chapter Two. 1971 – Franck Pourcel spelte inn ein instrumentalversjon av songen på albumet Et son Grande Orchestre. 1973 – The Buffoons spelte inn ein versjon av songen. 1973 - The Sylvers spelte inn ein versjon av songen for det andre albumet deira The Sylvers II 1974 – Nina Simone spelte inn ein versjon for albumet hennar It Is Finished. Dette var ei studioinnspeling laga for å høyrast ut som eit konsertopptak med publikum som klappar på slutten av songen. Simone spelte ofte songen på konsertane sine. 1974 – Mary McCaslin spelte inn ein versjon på Way Out West. 1974 – Bobby Darin spelte inn ein versjon for Motown-albumet hans Bobby Darin. 1974 - Demis Roussos spelte inn ein versjon for albumet deira My Only Fascination. 1975 - Dave Edmunds spelte inn ein versjon for albumet hans Subtle as a Flying Mallet. 1976 – New Trolls, eit italiensk progrockband, gav ut ein versjon på albumet Concerto Grosso n.2. 1978 – Melanie spelte inn ein versjon av songen for Phonogenic – Not Just Another Pretty Face. 1978 – Spirit of Atlanta Drum and Bugle Corps framførte Jim Ott-arrangementet av songen, som sidan har blitt fast på repertoaret. 1979 - Kenny Rogers og Dottie West spelte inn ein versjon for det andre duettalbumet deira «Classics».

1980-åra 1980 - Den greske songaren Aleka Kanellidoy spelte inn ein versjon av songen på gresk kalla «Panta Konta sou», på albumet hennar Empisteftika. 1980 − Den japanske songaren Goro Noguchi spelte inn denne songen på albumet Uta Soshite Ai. 1982 – Willie Nelson fekk suksess med ein versjon som nådde andreplassen på Billboard country-lista. Han gjekk òg til topps på Adult contemporary-lista og countrylista i Canada. 1982 – Orleans spelte inn denne songen på albumet deira One of a Kind. 1985 – David Hasselhoff spelte inn songen på debutalbumet hans Night Rocker. 1985 – Idoli spelte inn ein serbiskspråkleg versjon av denne songen, «Samo Me Gledaj I Budi Tu» for filmmusikkalbumet Šest Dana Juna. 1985 – Martin Simpson spelte inn denne songen på albumet Sad or High Kicking. 1988 – Bruce Springsteen spelte songen under lydsjekkar på Tunnel of Love Express-turneen.

1990-åra 1990 – Songar-låtskrivaren Laura Nyro spelte inn songen i ein uvanleg medley med «The Christmas Song». Denne finst på Acoustic Christmas. 1991 – Countrysongaren Mickey Gilley spelte inn songen for The Very Best of Mickey Gilley 1992 – Countrymusikaren Collin Raye spelte inn songen for det andre albumet hans In This Life. 1995 – Jackson Browne og Timothy B. Schmit spelte inn denne songen for filmmusikken til Bye Bye Love. 1995 – Blue-eyed soul-songaren Bobby Caldwell spelte inn denne songen på Soul Survivor. 1998 – Den skotske visesongaren Dick Gaughan spelte inn songen på albumet Redwood Cathedral. 1999 – Den skotske popsongaren Justin Osuji nådde 15. plassen med songen på den britiske singellista i 1999, frå albumet Finally. 1999 – Countrystjerna Kenny Rogers spelte inn songen for albumet hans She Rides Wild Horses.

2000-åra 2000 – Robyn Hitchcock gav ut ein versjon av songen på albumet hans Live and Direct. 2002 – Willy DeVille 2004 – Kate Ceberano spelte inn songen for albumet hennar 19 Days in New York. 2004 – Paul Weller gav ut ein versjon av songen på albumet hans Studio 150 (US/JPN Edition). 2005 – Rosie Thomas gav ut ein versjon av songen på albumet hennar If Songs Could Be Held. 2006 – David Pajo gav ut ein versjon av songen på albumet hans 1968. 2007 – Frankie Valli frå albumet Romancing the 60s. 2008 – Jason Kouchak frå albumet Midnight Classics. 2008 – Kenny Vance og Johnny Maestro & the Brooklyn Bridge framførte songen på konsert og gav han ut på Music Maestro Please i 2010. 2008 - Den kanadiske songaren Roch Voisine spelte inn songen på albumet Americana, ein engelsk versjon og ein engelsk-fransk versjon kalla «Let It Be Me / Je t'appartiens» 2009 – Rod Stewart framførte songen som ein duett med R&B-soul-songaren Jennifer Hudson på albumet hans Soulbook. 2009 – The Walkers spelte inn ein versjon av songen på samlealbumet 40 Års Jubilæumsbox.

2010-åra 2010 – Den kanadiske songar-låtskrivaren Reid Jamieson spelte inn songen på CBC Radio sitt The Vinyl Cafe. 2010 – Den amerikanske songar-låtskrivaren Neil Diamond spelte inn songen på albumet hans Dreams. 2011 – Ein versjon av George Harrison (spelt inn før han døydde i 2001) finst som bonusspor på plata George Harrison: Living in the Material World deluxe DVD/Blu-ray edition, and Early Takes: Volume 1. 2011 – Anggun spelte inn ein versjon av songen, på samlealbumet BECAUD: Et Maintenant. 2011 – Emma Hamilton spelte inn ein jazzversjon av songen på La Musique med både fransk og engelsk tekst. 2014 – Herb Alpert spelte inn songen i ein instrumentalversjon og gav han ut på albumet In the Mood. 2014 – Joey + Rory spelte inn ein country/bluegrass-versjon av songen på albumet Country Classics: A Tapestry of Our Musical Heritage. 2015- Angelo Seretti med George Aaron spelte inn ein discoversjon av songen.

Plassering Glen Campbell og Bobbie Gentry Liste (1969)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles14U.S. Billboard Hot 10036U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks7Canada RPM Country Tracks1Canada RPM Top Singles85Canada RPM Adult Contemporary Tracks15

Willie Nelson Liste (1982)PlasseringCanada RPM Country Tracks1Canada RPM Adult Contemporary Tracks1U.S. Billboard Hot Country Singles2U.S. Billboard Adult Contemporary Tracks11U.S. Billboard Hot 10040U.S. Cashbox Top 10047

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Let It Be Me av The Everly Brothers» frå , den 18. januar 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1955 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar med tekst av Manny Curtis Kategori:Songar med musikk av Gilbert Bécaud Kategori:Songar skrivne av Pierre Delanoë Kategori:Duettar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Betty Everett-songar Kategori:Jerry Butler-songar Kategori:Nancy Sinatra-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Bobbie Gentry-songar Kategori:The 5th Dimension-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Jay and the Americans-songar Kategori:Roberta Flack-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Cadence Records-singlar Kategori:Vee-Jay Records-singlar Kategori:Petula Clark-songar