Grautrim (svensk grötrim) er eit enkelt rim som tradisjonelt blir framført ved grautmåltid, særleg på julaftan. Skikken er best kjend frå Sverige.

Grautrim var ei form for bordrim som erstatta eldre leverrim. Dette var rim ein framførte under levermåltid, og var opphavleg ein overklasseskikk. Dei breidde seg blant den svenske allmogen på 1700-talet. Grautrimskikken blei nytta både til høgtider som jul og påske og ved feiringar av bryllaup, barnedåp og andre festar. Han blei så teken opp att av høgare svenske samfunnslag då dei ønska ei meir autentisk julefeiring. På 1800-talet blei det gjeve ut bøker med grautrim retta mot borgarskapet, som Oumbärligt vademecum för julklappsgifvare, eller tredje samlingen splitter nya verser till julklappar och rim öfver gröt.

Grautrima er mindre kjende frå Noreg, men er omtalt i bruk på 1800-talet av Eilert SundtI Folkevennen 1857 og av Thrond S. Haukenæs, som skildrar grautrim i eit bryllaup:Thrond S. Haukenæs: Natur, folkeliv og folketro paa Voss og Vossestranden (1896)

I anledning bruragrauten paa den 3dje dag blev der af hver enkelt efter kjøgemesterens opfordring frembragt korte smaa rim. Køgemesteren rimede først og saa de øvrige; kun bruden blev fritagen derfor. Som en prøve paa disse rim kan her anføres:

Grauten er fin. Gid han var i magen min.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grötrim» frå , den 22. januar 2017. oppgav desse kjeldene: NE om grötrim

Kategori:Jul Kategori:Lyrikksjangrar Kategori:Svensk kultur Kategori:Grautar