__NOTOC__ La Dorada er ein by og ein kommune i lengst aust i Caldas-departementet i Colombia. Byen ligg mot Magdalenaelva. Kommunen har 77 355 innbyggjarar, kor 69 504 i sjølve byen. (2016). La Dorada er sete for bispedømmet La Dorada-Guaduas.
Historie Historia om La Dorada er nært knytt til bygginga av jernbanen mellom Honda og Yeguas. Utbygging av området som gav grunnlag for byen byrja i 1888 då jernbanen vart ført inn i området. La Dorada fekk kommunestatus i 1923.
Geografi La Dorada ligg ved vestbreidda av Magdalenaelva og elva dannar departementsgrense i vest mot Cundinamarca-departementet. Byen ligg 168 km vest for hovudstaden i departementet, Manizales. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 28 °C.
Økonomi Den viktigaste næringa i La Dorada er storfedrift. I tillegg kjem anna landbruk, gullgraving, handel og fiskeri. Næringslivet er avgrensa til små og mellomstore føretak.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «La Dorada» frå , den 28. januar 2017.
Byen si offisielle nettside
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Colombia