Reidar Bruu () var ein norsk forretningsmann og politikar frå Oslo. Han representerte partiet Høgre og Oslo på Stortinget frå 1954 til 1969.

Bruu var son til ein kjøpmann i hovudstaden. Han utdanna seg ved Oslo handelsgymnasium før han var innom Krigsskulen. Seinare i 1920-åra tok han praktisk utdanning i Tyskland og England. I 1923 vart han tilsett i manufakturforretninga Brødrene Bruu, eit firma han vart medeigar av i 1926.

Bruu tok ei leiande rolle i organisasjonslivet. Mellom anna var han formann 1952-55 i Manufakturkjøpmennenes landsforening og 1954-57 i Norges Kjøpmannsforbund. Seinare var han styremedlem i Norsk Folkemuseum 1963-73 og styreformann i Televerket 1969-73 og i Den norske Opera 1969-75.

Perioden 1952-55 var Bruu bystyrerepresentant i Oslo. Hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget for Høgre. Med tre attval vart han sitjande på Tinget i seksten år. Her var han medlem 1954-57 i Justiskomiteen, 1958-61 i Militærkomiteen og 1961-69 i Samferdslekomiteen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Høgrepolitikarar i Oslo Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Oslo