Johannes Andreas Henschien () var ein norsk skipper og skipsreiar frå Fjære i Aust-Agder, som representerte Nedenes amt på Stortinget 1892-95. Jørgen Henschien var far hans.
J.A. Henschien reiste tidleg til sjøs, og vart skipsførar på ein brigg i 1858. Kring 1870-71 byrja han som skipsreiar og busette seg i Vestre Moland, der han sidan bygde opp eit skipsverft.
Henschien kom straks inn i heradsstyret og var ordførar i Vestre Moland i tolv år, og dessutan forlikskommissær. Perioden 1892-94 var han stortingsrepresentant, sokna til Moderate Venstre si partigruppe. Han vart attvald til Stortinget 1895-97, men døydde allereie seinsommaren 1895. Han var alle fire stortingssesjonane medlem i Næringskomite nr 2.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Sjøhistorie
Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Folk frå Grimstad