Haakon Bugge Mahrt (), opphavleg Haakon Olsen, var ein norsk forfattar og pressemann frå Vardø.

Haakon Olsen var son til ein kjøpmann i Vardø. Han tok utdanning i Paris i siste halvdelen av 1920-åra, med eksamen frå Sorbonne-universitetet i 1928. Mahrt debuterte i 1931 med essaysamlinga Modernisme. I dei neste åra gav han ut fleire romanar og novellesamlingar, til dømes novellesamlinga Kjære Europa i 1932 og romanen Orkanen i 1936. Boka om Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud kom ut i 1945, og den psykologiske krigsromanen Bitter té i 1946.

Frå 1946 til 1971 arbeidde Mahrt med pressesaker ved den norske ambassaden i Paris. I denn perioden skreiv han ei barnebok, og ein roman med handling lagd til 1700-talet; Rømlingen fra Vardøhus, utgjeven i 1961.

Mahrt er gravlagd i Oslo.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957 Store norske leksikon

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Vardø