Rune Timberlid () er ein norsk forfattar, tidlegare informasjonssjef, journalist og avisredaktør. Han er no busett i Sogndal.
Han er utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole i 1975, og arbeidde i ei rekkje redaksjonar – Sogn Dagblad, Bergens Tidende, Norsk Telegrambyrå, Fredriksstad Blad, Dagbladet og Aftenposten – før han var redaktør i avisa Firda frå 1990 til 1995. Frå 2001 har han jobba som kommunikasjonsmedarbeidar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med eit avbrot som redaktør i Sogn Avis frå 2004 til 2005.
Rune Timberlid har skrive ni kriminalromanar. Han debuterte med Spritdrapet i 1991 under pseudonymet Roger Fjorden på eige forlag. Tolv år etter debuten kom Red Mercury, som er den første boka med politibetjenten Rolf Randen i hovudrolla, ut. Alle kriminalromanane hans har handlinga lagd til Sogn og Fjordane,
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane «Rune Timberlid» i Allkunne, innhenta 21. mars 2010.
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Sogndal Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar