Giorgio Vanzetta () er ein italiensk tidlegare langrennar frå Cavalese som vann OL-gull i 4 x 5 km stafett med Italia i 1994, og totalt seks VM- og OL-medaljar i tida 1985-94.
Aktiv Vanzetta fekk sitt internasjonale gjennombrot under Ski-VM 1985, då han vart fjerdemann på 15 km og landsmannen Marco Albarello verdsmeister. Få dagar var dei same to med å vinne sølv i 4 x 10 km stafett. I mars 1986 kom Vanzetta for fyrste av tre gongar på pallen i eit verdscuprenn, han vart då nummer tre på 15 km i Lahti, om lag eit halvt minutt bak svenskane Torgny Mogren og Gunde Svan.
Under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville sikra Vanzetta seg ein bronsemedalje både i jaktstarten og på femmila. I dei same leikane fekk han ei sølvmedalje i 4 x 10 km stafett, og året etter vann han sitt tredje stafettsølv i karrieren då VM 1993 fann stad i Falun. Den 22. februar 1994 gjekk Vanzetta den tredje etappen for italienske firemannslaget som vann gull i 4 x 10 km stafett under Vinter-OL 1994 på Lillehammer, etter at Silvio Fauner spurtslo norske Bjørn Dæhlie på oppløpet. Maurilio De Zolt og Marco Albarello gjekk dei to fyrste etappane for Italia.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 6 i stafett Ski-VM 1982 i Oslo: Nr 9 på tremila Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Nr 14 på 15 km Ski-VM 1985 i Seefeld in Tirol: Nr 4 på 15 km, sølv i 4 x 10 km stafett Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 7 på 15 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Nr 5 på tremila Ski-VM 1989 i Lahti: Nr 14 på 15 km i klassisk stil Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Nr 4 på 15 km Vinter-OL 1992 i Albertville: Bronsemedaljar på jaktstarten og femmila, sølv i 4 x 10 kmstafett Ski-VM 1993 i Falun: Sølv i 4 x 10 km stafett. Nr 7 på jaktstarten Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Gullmedalje i 4 x 10 km stafett, nr 8 på femmila Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Nr 4 på femmila Ski-VM 1997 i Trondheim: Nr 11 på femmila
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Giorgio Vanzetta» frå , den 13. mars 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske langrennsløparar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1982 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1985 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1987 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1989 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1991 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997