Utladalen landskapsvernområde vart oppretta av den norske staten 5. desember 1980, samstundes med Jotunheimen nasjonalpark. Verneområdet dekkjer eit areal på i kring 300 kvadratkilometer i Vestland fylke. Landskapsvernområdet ligg på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, i kommunane Årdal og Luster.

Frå om lag vasskiljet på Sognefjellet strekkjer verneområdet seg ned gjennom Vetle- og Storutladalen langs Utla til Hjelle. Sidedalane Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen i aust og Stølsmaradalen og Gravdalen i vest høyrer også med i landskapsvernområdet.

Både Vettisfossen, garden Vetti, Skogadalsbøen, Avdalen og det såkalla Utladalen Naturhus på garden Skåri ligg i Utladalen landskapsvernområde.

Galleri

Kjelder Heimesida til Utladalen landskapsvernområde

Kategori:Landskapsvernområde i Noreg Kategori:Årdal kommune Kategori:Luster kommune Kategori:Skipingar i 1980