Engel Astrup (), fødd Engel Sunde, var ein norsk kunsthandverkar gift med kunstnaren Nikolai Astrup.
Liv mini|venstre|Garden Sunde ligg ved Kjøsnesfjorden innanfor munningen der fylkesveg 5690 kryssar på bru. Kleivafjellet som Astrup måla frå Sunde er til venstre i bildet på motsett side av innsjøen.
Engel Sunde voks opp på garden Sunde i Jølster, og blei kjend med Astrup då han ville måla det bratte Kleivafjellet ved Kjøsnesfjorden. Han fekk lov til å stå i eit rom på Sunde på motsett side av vatnet, der var det god utsikt til fjellet. Astrup måla bildet «Rå novembermorgen på Sunde i Jølster» (seinare kjent som «Kollen»).
I 1907 gifta Engel seg, før ho hadde fylt 16 år, med den tolv år eldre Nikolai Astrup. Nikolai og Engel Astrup kjøpte ein husmannsplass på Sandalstrand (no Astruptunet) i 1912 og flytta dit i 1913. Engel Astrup sette sitt særpreg på kunstnarheimen. Ho samla på antikviteter og tekstilar og hadde ei stor samling historiske Jølster-åkle i ulike mønster. Etter kvart utvikla Engel Astrup seg også som tekstilkunstnar. Ho blei særleg kjend for stofftrykka sine, og spesielt for bunadsforklede i opptil tre-farga mønster. I 1939 stilte ho ut handtrykte dukar i Bergens Kunstforening, og blei også vald inn som varaformann i Jølster Husflidslag.Tove Kårstad Haugsbø, Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv. Avhandling for graden ph.d., universitetet i Bergen, 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Engel Astrup» frå , den 22. januar 2020.
Kategori:Norske kunsthandverkarar Kategori:Folk frå Jølster