Bjarte Bruland () er ein norsk historikar og er frå Førde i Sunnfjord. Han har historisk-filosofisk embetseksamen frå Universitetet i Bergen med historie som spesialfelt.
Akademisk arbeid Bjarte Bruland har forska mykje på skjebna til jødane i Noreg under andre verdskrigen. Han var tilsett som prosjektleiar ved Jødisk Museum i Oslo frå 1. januar 2007 til 31. desember 2014 der han hadde ansvar for utstillingar, innsamling av foto og gjenstandar til samlinga i museet og andre gjeremål. Bjarte Bruland har også vore engasjert i fleire andre studie, formidling-og forskingsprosjekt om lagnaden til dei norske jødane.
Bruland var medlem i det offentleg nedsette utvalet der mandatet var å granske kva som skjedde med eigedomane til dei norske jødane under og etter den andre verdskrigen. I granskinga NOU 1997 : 22 Inndragning av jødisk eiendom i Norge under den 2. verdenskrig utarbeidde og førte Bjarte Bruland i lag med Berit Reisel utgreiinga til mindretalet. Det blei seinare lagt til grunn av regjering og Storting.
Bjarte Bruland har i 2000–2015 arbeidd med ein database over jødar i Noreg med formål å kartlegge lagnaden til desse under verdskrigen 1940–1945.
Boka Holocaust i Norge : registrering, deportasjon, tilintetgjørelse (2017) er ei vidareføring av eit treårig doktorgradsstipend frå Universitetet i Bergen med arbeidstittel Norge og Holocaust, ca. 1925-1950. I eit intervju med Bjarte Bruland i vekeavisa Dag og Tid blir det hevda at boka kan bli eit referanseverk om holocaust i Noreg.
Bjarte Bruland er tildelt statsstipend frå 2019 i samband med dokumenteringa og synleggjeringa av lagnaden til dei norske jødane under den tyske okkupasjonen april 1940 til mai 1945.
Bibliografi Bøker
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske krigshistorikarar Kategori:Norske museumsfolk Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Folk frå Førde