Ida Bjørndalen, gift Ida Bjørndalen Karlsson, () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Spydeberg. Ho vart europameister 2014 med Noreg og vann meisterligaen 2009 med danske Viborg HK.
Klubbspel Rykkrom-spelar Bjørndalen spelte lokal handball med HK Trøgstad åra 2000-02. Sommaren 2002 melde ho overgang til toppserielaget Sola HK og var aktiv på laget frå Rogaland i tre sesongar. I 2005 fekk ho kontrakt med serievinnaren, Larvik HK, og vann to strake seriegull før ferda i oktober 2007 gjekk vidare til dansk klubbhandball. Gjennom ti år var Bjørndalen aktiv i høvesvis Viborg HK 2007-09, Kolding/Vejen 2009-14 og Esbjerg 2014-17, før ho la opp. Med Viborg vann ho meisterligaen 2009 og seriegull både i 2008 og 2009. Og med Esbjerg tok ho i 2016 sin tredje danske seriemeistertittel.
Landslaggspel Bjørndalen landslagsdebuterte 26. mars 2004, då Noreg tapte 25-27 på heimebane mot Spania. Fyrst åtte år seinare fekk ho sin meisterskapsdebut, under Handball-EM 2012 i Serbia var ho med å vinne sølv. Eit lite halvår etterpå imponerte ho med å skåre ti mål i landskampen mot Sverige 26. mai 2013, trass i norsk tap 25-28. I desember 2014 deltok ho då Noreg sikra seg EM-trofeet med finalesiger mot Spania. Bjørndalen spelte i alt 35 landskampar og stod for 40 nettkjenningar.
Merittar Handball-EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania Norsk seriemeister: 2006 og 2007 med Larvik HK Dansk seriemeister: 2008 og 2009 med Viborg HK, 2016 med Esbjerg Vinnar av meisterligaen: 2009 med Viborg HK Finalist i cupvinnarcupen: 2010 med Kolding IF
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ida Bjørndalen» frå , den 8. juni 2017.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Spydeberg